12 millionar til nytt forskingsprosjekt ved HVL
Matematikkprofessor Carina Bringedal står i spissen for eit nytt forskingsprosjekt som skal gi betre utrekningar for såkalla tofaseflyt. Prosjektet er tildelt 12 millionar frå Norges forskningsråd.
– Å få midlar til dette prosjektet er sjølvsagt veldig kjekt. Det er ei anerkjenning av at ein driv god forsking og at vi har ein god idé som vi no få sjansen til å sette ut i livet, seier Bringedal.
Med seg i prosjektet har ho HVL-kollega og førsteamanuensis Erlend Storvik og førsteamanuensis Jochen Schütz ved Universitetet i Hasselt.
Grunnforsking med brei nytteverdi
Bringedal forklarer at tofaseflyt referer til strømmingane av to forskjellige fasar (for eksempel vatn og luft) som beveger seg gjennom eit system samtidig.
– I dette prosjektet vil vi finne ut korleis vi kan løyse likningar for tofaseflyt betre. Målet er å redusere feilmarginane i utrekningane, samtidig som dei fysiske eigenskapane blir ivaretatt, fortel ho.
Prosjektet er ei type grunnforsking der dei utviklar matematiske metodar som kan nyttast på mange område. Metodane vil bli tilgjengeleggjort og kan mellom anna ha nytte for brenselsceller og hydrogenproduksjon eller CO2-lagring.
Hard konkurranse
Bringedal har fått midlane gjennom FRIPRO, som er ein open nasjonal konkurransearena som skal finansiere grunnleggande forsking innan alle fag og tema. Forskningsrådet skriv på sine nettsider at FRIPRO er retta mot spesielt dyktige forskarar innanfor sine fagfelt, og at nålauget difor er trangt. I 2024 blei om lag 20 – 25 prosent av søknadane innvilga.
Prosjektet skal starte opp 2026 og skal avsluttast i 2030.