
Høgskulen på Vestlandet er partnar i ny forskarskule om kommunehelsetenesta
Forskingsrådet har tildelt midlar til sju nye forskarskular. HVL er partnar når ein ny forskarskule retta mot forsking og innovasjon i kommunehelsetenesta skal etablerast.
Prosjektet «Partners-in-Care: Municipal Health Care Research and Innovation school» er tildelt 16 millionar kroner, og vert leia av Fakultet for helse- og sosialvitskap ved OsloMet. Prosjektet skal arbeide fram til 2033 med hovudvekt på offentleg sektor, og rettar seg særleg mot kommunane sitt behov for forsking og innovasjon i kommunehelsetenesta.
Marjolein Memelink Iversen, prodekan for forsking ved fakultet for Helse og sosialvitskap ved HVL.
Sender eit viktig signal
– Dette er fantastiske nyheiter, seier Marjolein Memelink Iversen, prodekan for forsking ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved HVL.
– Ein forskarskule skal vere eit nav i utviklinga av talentfulle forskarar. Eg ser fram til samarbeid på tvers av institusjonane og med kommunar. Det er i fellesskap vi må løyse dei utfordringane som helse- og omsorgstenestene står overfor. Dette sender eit viktig signal om satsing på forsking og innovasjon i kommunehelsetenesta, som vi veit blir svært viktig i åra framover, seier Memelink Iversen.
Forskarskulane skal sikre arbeidslivsrelevans for forskarane
Sju nasjonale forskarskular innan KI, mikrobiologi og global helse får til saman 112 millionar kroner.
Målet med forskarskulane er å styrke ph.d.-utdanninga. Nasjonale forskarskular er ei ordning som skal styrke norsk forskarutdanning og fungere som eit supplement til institusjonane sine eigne doktorgradsprogram.
Gjennom forskarskulane får ph.d.-studentane spesialiserte kurs, fagleg rettleiing og tilgang til faglege nettverk, som bidrar til å sikre arbeidslivsrelevans for forskarar i både næringslivet og i offentleg sektor.
Forskingsrådet finansierer 27 nasjonale forskarskuler over heile landet. HVL opna Noregs første forskarskule for barnehageforsking i 2023.