17 stolpar, 17 filmar, og 17 måtar å forstå berekraft på

Barnehagelærarar på Stord vil vise deg og barna dine at berekraft er noko meir og noko anna enn dei fleste trur. For å gjere det, har dei laga 17 filmsnuttar som du får tilgang til gjennom å finne 17 stolpar i landskapet.

I oktober 2020 vedtok Stord kommune at dei skal bli ein nullutsleppskommune innan 2030. Som eit startskot har Stord kommune i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet campus Stord laga ei stolpejakt etter FNs 17. berekraftsmål.  

Spannande studentprosjekt 

Det er tredjeårs-studentane ved barnehagelærarutdanninga på Stord som har fått oppgåva å laga videosnuttar som skildrar dei 17 berekraftsmåla. Eva Marie Fladmark, Tonje Thomasen og Mathilde Olsen er tre av dei som er med på prosjektet. Dei går siste året ved barnehagelærar-utdanninga, med fordjuping i kunst, kultur og kreativitet.  Dei har fått i oppgåve å laga videosnutt om berekraftsmål 1 og 3:  «Utrydda fattigdom» og «God helse og livskvalitet».  

- Dette prosjektet har vært ein kjekk og lærerik prosess, som har gjort at me har fått satt oss betre inn i FNs Berekraftsmål. Dei har vist seg å vera mykje meir djuptgåande enn me var klar over, seier Tonje Thomasen. 

 - Me har også fått moglegheit til å jobba med filming og green screen, slik at me kunne setta oss sjølve inn i videosnuttane. Dette har gjort prosjektet mykje meir spennande, seier Mathilde Olsen. 

Studentane er einige om at stolpejakta vil vera med på å gi lokalbefolkninga på Stord ei betre forståing for kva berekraftsmåla er og at det forhåpentlegvis kan inspirere dei til å ta del i endringane.  Videosnuttane er laga på ein slik måte at både små og store skal kunna forstå bodskapen.  

Barnehagelærarstudentane ved sida av filmkulissane. F.v Mathilde Olsen, Tonje Thomasen og Eva Marie Fladmark . Foto: Hilde Eide Helland

Delta i  stolpejakta 

Det einaste du treng for å delta i stolpejakta er ein mobiltelefon med smartfunksjon. Last ned appen «turorientering» på mobilen for å registrera deg og sjå kor stolpane står. På kvar stolpe finn du eitt av dei 17 berekraftmåla og to QR-kodar du kan skanna med mobilkameraet. 
Den eine QR-koden er registrering av at du har funne stolpen og den andre QR-koden gir deg videoen som studentane har laga. Er du ein av dei som finn alle 17 stolpane og registrerar deg via QR-koden vil du bli med i trekkinga av eit gåvekort frå Sport1. Ynskjer du å delta i konkurransen kan du lesa meir på Stord Kommune sine heimesider

Avspark for nullutslepps-kommunen 

Den 17. februar arrangerer Stord kommune «Avspark Nullutslepp 2030» , som vil vera eit digitalt arrangement med engasjerande foredrag, kulturinnslag og paneldebatt. Klima- og berekraftskoordinator frå HVL, Siri Smith, deltek i paneldebatten og vår eigen rektor, Gunnar Yttri, kjem med ei videohelsing.  

Programmet vert sendt direkte på Sunnhordland og Stord24 sine kanalar. Du kan finna program og meir informasjon om arrangementet her.   

Ynskjer du å vite meir om FN sine berekraftsmål, kan du lesa her.