90 prosent er i relevant jobb etter å ha studert ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)

To år etter fullført utdanning seier 90 prosent av kandidatane frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) at dei har fått relevant jobb. Berre tre prosent er arbeidslause, og under ein prosent er permitterte, viser tal frå den nye Kandidatundersøkinga.

– Eg vakna i dag til strålande nyhende om at kandidatane frå vår høgskule i stor grad får relevant jobb. Dette er ei viktig tilbakemelding til tilsette og studentar ved høgskulen. Men det er også godt nytt for arbeidsgivarar og ulike verksemder, ikkje minst på Vestlandet, seier rektor Gunnar Yttri.

Trass pandemien fortel heile 90 prosent av dei tidlegare HVL-studentane at dei har relevante stillingar og arbeidsoppgåver ut frå utdanninga dei har tatt. Undersøkinga, som er bestilt av studentsamskipnaden Saman og utført av Ideas2Evidence, er lansert 8. mars 2021, to år etter førre Kandidatundersøking.

I den nye undersøkinga, som blei utført hausten 2020, har dei intervjua tidlegare studentar ved HVL, NHH og UiB. Over 2000 personar har svara.

Gunnar Yttri_700x300_Foto_HVL_terje rudi.jpg

Får raskt relevant jobb

– Tala frå Kandidatundersøkinga er til styrke og inspirasjon i arbeidet vårt med å bygga det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet. Det å vera relevante er særs viktig for oss, seier Yttri.

Kandidatane frå HVL opplyser at dei får relevant arbeid raskt etter studiane, og på den staden dei ønsker. 60 prosent sendte fem eller færre jobbsøknadar før dei fekk relevant jobb.

Dei ti prosentane som opplyser at dei ikkje har relevant arbeid, fortel mellom anna at det er for få relevante stillingar å søke på.

Trass i krisetider med høg arbeidsløyse, er det få kandidatar frå HVL som ikkje er i arbeid. Berre tre prosent er arbeidslause to år etter fullført utdanning, og i underkant av ein prosent er permitterte. Dei som har studert helse- og sosialfag, i tillegg til dei som har gått lærarutdanningar, er i minst grad blant dei arbeidslause.

Fleirtalet blir verande på Vestlandet

Kvart år uteksaminerer høgskulen 4500 kandidatar til helseføretaka, skulane, bedrifter og andre verksemder.

77 prosent av kandidatane blir att på Vestlandet etter fullført utdanning, det er ein auke på to prosentpoeng samanlikna med førre Kandidatundersøking. Samanlikna med dei andre to institusjonane er det flest kandidatar frå høgskulen som blir verande på Vestlandet og som såleis bidrar til relevant kompetanse over heile landsdelen.

– Relevante utdanningstilbod utanfor dei store byane er heilt avgjerande for at unge blir verande i distrikta. Dette er heilt i tråd med politiske signal om at desentralisert utdanning må til for å halde ved like gode og levande lokalsamfunn. Undersøkinga syner at HVL bidrar til dette, seier Yttri.

Dei fleste HVL-kandidatar går ut i arbeidslivet i heimfylket sitt etter at dei har studert ferdig. Av dei som budde i dåverande Hordaland eller Sogn og Fjordane, har 88 prosent vald å bli verande i Vestland fylke.

Av dei som kom frå Rogaland, har 79 prosent busett seg i heimfylket. Om lag to prosent av kandidatane frå Vestland og fire prosent av kandidatane frå Rogaland har etablert seg i Oslo.

Opplever utdanninga som relevant

Kandidatane opplever at det dei lærte i utdanninga ved høgskulen i stor grad er relevant for arbeidet dei har i dag. På ein skala frå 1-5 får høgskulen eit gjennomsnittsresultat på 3,9 når det gjeld arbeidslivsrelevans.

Dei som studerte i Førde og på Stord er mest nøgde med arbeidslivsrelevansen i utdanninga. Dei to campusane får høvesvis 4,1 og 4 av 5 på poengskalaen.

Utdanningar som peikar seg spesielt positivt ut på relevans er sjukepleie i Bergen, Førde og Stord, nautikk og maskiningeniør i Haugesund, barnevern og landskapsplanlegging i Sogndal og ingeniør i Førde.

Nøkkeltal for HVL:

  • 90 prosent får relevant jobb innan to år etter fullført utdanning
  • 92 prosent lukkast med å få jobb på den staden dei ønsker å bu
  • 77 prosent av kandidatane blir verande på Vestlandet
  • 3 prosent av kandidatane er arbeidslause og 1 prosent er permitterte
  • 60 prosent sendte fem eller færre jobbsøknadar før dei fekk relevant jobb
  • Dei fleste kandidatane har vald å bli i heimfylket sitt etter at dei har studert ferdig
  • Høgskulen og dei fem studiestadane skårar godt på arbeidslivsrelevante utdanningar. Slik er tilbakemeldingane frå dei ferdigutdanna:
  • Bergen: 3,9 av 5
  • Førde: 4,1 av 5
  • Haugesund: 3,7 av 5
  • Stord: 4 av 5
  • Sogndal: 3,9 av 5

Kjelde: Kandidatundersøkinga 2020