Å forme det største fakultetet

Fakultetet som skal romme lærarutdanningane, idrett og kulturfag blir det største fakultetet ved HVL, med mellom 450 og 500 tilsette. Arbeidet med organiseringa handlar mykje om å forme nye faglege identitetar.

Korleis leie ei såpass stor og spreidd utdanning? Det er spørsmålet som står i hovudet på lærar-, kultur- og idrettsutdannarane ved HVL akkurat no.

23. og 24. mai møtest ei arbeidsgruppe som skal lage modellar for korleis det nye fakultetet kan sjå ut. Først og fremst er det instituttstrukturen dei skal jobbe med å få på plass.

– Kva er effekten av ulike måtar å organisere fakultetet på? Dette må vi drøfte. Det prinsipielle spørsmålet blir: Skal vi bygge institutta kring utdanningane våre, eller kring disiplinfaga? seier Osvald Lykkebø, dekan for Avdeling for lærarutdanning og idrett ved campus Sogndal.

– Viktig og vanskeleg

– Vi har hatt ein veldig bra prosess så langt, likevel blir det utfordrande. Utdanningane våre bygger på ulike tradisjonar. No må vi alle gå inn for å ta av oss den ryggsekken vi har, og stille med mest mogleg ope sinn for å greie å forme noko nytt saman, seier Lykkebø.

– Det er det viktigaste men også det vanskelegaste vi har å gjere.

Avdelinga i Sogndal er først og fremst organisert etter ein profesjonsmodell, med institutt for grunnskulelærarutdanning og institutt for barnehagelærarutdanning. Instituttet for idrett skil seg ut som ei disiplinærutdanning.

I Bergen er lærarutdanninga organisert i fagseksjonar, og Stord har ein mellomting, men er også organisert mest med utgangspunkt i disiplinfaga.

– Diskusjonane kring dette blir viktige, for vi rører direkte ved identiteten til fagfolka våre. Å vere lærarutdannar vil til dømes vere ein meir samansett identitet enn å vere ein disiplinnær matematikar eller lingvist, seier Lykkebø.

– Vi må sjå på fordelane og ulempene med dei ulike modellane, og korleis vi best kan ivareta det nære forholdet til yrka som vi utdannar studentane våre til. Vi må også stille oss spørsmålet: Korleis oppnår vi best målet om å bli eit profesjonsuniversitet?

Landar strukturen i september

Kring 16 leiarar, fagtilsette og tillitsvalde er valt ut til å gå inn i desse prosessane, som har vore førebudd over lengre tid. OU-teamet har hatt innleiande møte med dekanane, og dekanane har hatt lokale møte med fagfolk der personalet fekk sjansen til å gje innspel.

Gunn Haraldseid leiar OU-prosjektet ”Fagleg organisering”, og er dermed tett på prosessen med å forme det nye fakultetet. Ho ser fram til ein god prosess for arbeidet med ein ny organisasjonsmodell.

– I tillegg til instituttstrukturen, vil vi også sjå på forholdet mellom leiingsstrukturen på instituttnivå, altså nivå tre, og lokalt nivå, altså nivå fire. Styret har berre bedt oss om ei sak på instituttstruktur, men vi er at det er ein samanheng som er viktig å ha med seg her, seier Haraldseid.

Viktige datoar framover

På møtet 23.–24. mai vil også den kommande dekanen, Asle Holthe, vere til stades. Han er i dag dekan ved Avdeling for lærarutdanning ved campus Bergen. Planen er å utarbeide utkast til to–tre ulike modellar, og så sende dei ut på høyring.

Høyringa skal etter planen vere mellom 1. juni og 1. juli. Etter sommarferien skal gruppa sjå på høyringsinnspela, og skrive ei sak til styret der dei tilrår ein modell for det nye fakultet. Styret vil ta stilling til dette i møte 28. september.

  • Les meir om arbeidet med å utvikle HVL: hvl.no/ou