Jobbar fram morgondagens helsetenester

Prosjektet INTRO skal sørge for at Alrek helseklynge startar allereie no.

Alrek helseklynge skal stå klart først om to år, men samarbeidspartnarane har allereie hatt to workshops om den framtidige helseklynga. INTRO-prosjektet, som introduksjonsopplegget heiter, skal bidra til at Alrek i framtida vil skape nye helse- og omsorgsløysingar i primærhelsetenesta.

Før bygget er på plass skal både studentar, forskarar, pårørande, tilsette og brukarar i Bergen kommune delta i fleire workshops, der dei kjem med idear til tverrfagleg samarbeid og innovative løysingar. Også representantar frå næringslivet har deltatt.

Fått 75.000 kroner

Det er HVL-forskar Liv Jorunn Solstad ved Senter for omsorgsforskning som er hovudorganisator av workshopene, og har fått 75.000 kroner til samhandlingsprosjektet.

- Workshopen i dag handlar om korleis kommunen skal kommunisere helse- og omsorgstenestene sine. Brukarane treng informasjon om tenestene. Difor ser vi på både form og innhald i tenestene. Målet er at flest moglege perspektiv kjem inn i utforminga, seier ho.

Speed-dating om helse

Gruppene får caseoppgåver der dei til dømes skal finne ut korleis ein sjuk mann skal få informasjonen han treng for å får hjelp. Gruppe D foreslår ein pasientkoordinator, mens andre har idéar som går på velferdsteknologi.

Gruppene har også hatt «speed-dating» for å kome fram til ulike perspektiv.

- Alle sit på forskjellige behov. Vi må samarbeide for å se på moglegheitene – kva kan vi få til? Slik kan vi dra i gong samtalane på førehand.

Alrek trengst

Alrek skal handle om forsking, kompetanse, utvikling og samarbeid. Målet er å ta tak i folkehelseutfordringane dei kommande åra.

- Det finst mange typar klynger, men det som skil Alrek ut, er alle dei tunge aktørane som er involvert. Samarbeidet må vere praksisnært, seier Linda Book Dalsgård, prosjektleiar i Smart omsorg i Bergen kommune.

Janne Forthun er masterstudent i farmasi og har deltatt på dagens workshop. Ho meiner at Alrek er heilt nødvendig.

- Det er eit stort behov for å samle informasjonen på ein plass, fordi mange stadar har uoversiktleg informasjon til brukarar og pasientar, seier ho.

Les meir om Alrek helseklynge her.

 

Fakta:

  • INTRO-prosjektet er eit opplegg for å gje studentar, forskarar, pasientar og pårørande eit felles innblikk i helse- og omsorgssektoren i Bergen kommune.
  • Samarbeidspartnarane i INTRO er Senter for omsorgsforskning vest/ Høgskulen på Vestlandet, IGS-UiB, USHT og Bergen kommune.
  • Alrek helseklynge (ferdigstilt 2020) skal skape nye helse- og omsorgsløysingar i primærhelsetenestene ved hjelp av tverrfagleg og framtidsretta forsking og utdanning.
  • Dei offisielle samarbeidspartnarane er Bergen kommune (byrådsavdeling for helse og omsorg), Haraldsplass Diakonale sykehus, Helse Bergen, HVL, Uni Research og Universitetet i Bergen.