Avviklar koronatiltaka ved HVL

Ein-metersregelen gjeld ikkje lenger og avgrensingar knytt til arrangement er oppheva. Slik klargjer HVL for ein normal studie- og arbeidskvardag.

Do you prefer to read this article in English?

Regjeringa avvikla dei aller fleste koronatiltaka laurdag 25. september. 

Følgjande punkt er relevant for aktiviteten ved HVL sine fem campusar framover:

  • Ein-metersregelen gjeld ikkje lenger. HVL vil i dagane som kjem fjerne all merking og sperring knytt til ein-metersregelen.
  • Retningslinene for smittevern mot Covid-19 i SimArena og i andre spesialrom/laboratorium bli oppheva
  • Timeplanen som er lagt gjeld ut haustsemesteret.
  • Alle avgrensingar for arrangement er oppheva.
  • HVL føreset at alle tilsette som hovudregel arbeider på campusane framover. Eventuelt arbeid heimefrå skal avtalast særskilt med nærmaste leiar. Dei som har arbeidsplassen sin i K2 i Bergen vil få oppdatert informasjon i løpet av veka.

Tilsette og studentar vert oppmoda til å følgje nasjonale råd og reglar som framleis gjeld: 

  • Hald deg heime dersom du er sjuk.
  • Ha god hand- og hostehygiene.
  • Du må gå i isolasjon hvis du får påvist covid-19.
  • Du bør teste deg dersom du får symptom på covid-19.  

Det er viktig å understreke at det kan skje endringar som gjer at vi må setje i verk lokale tiltak på kort varsel.

HVL vil gjennom veka tilpassa og oppdatere koronainformasjon på nettsidene.