Småspill er Festspillene og Høgskulen på Vestlandet sin nye barnekunstfestival

Seks ulike kunstnariske produksjonar frå profesjonelle aktørar, studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal bli vist i Bergen, Sogndal og på Stord under Festspillene i mai.

Nyskapinga Småspill er ein kunstfestival retta mot barn og unge, der både tilsette og studentar ved HVL og profesjonelle kunstnarar presenterer innhald i ulike format og sjangrar.

– Kunst er eit verktøy som alle barn bør kjenne til, og det ønskjer Festspillene i Bergen og Høgskulen på Vestlandet å bidra til gjennom dette samarbeidet. Kunsten kan formidle historier, snakke om det som er vanskeleg, fremje mental meistring og personleg utvikling og mykje meir. Vi ønskjer å inspirere studentar og tilsette, løfte kunstfaget og gjere det synleg og sentralt i utdanningsløpet, samtidig som barn på ulike stader får gleda av fleire kunstnariske opplevingar, seier festspeldirektør Anders Beyer.

Teater og installasjonar

Festspillene og Høgskulen på Vestlandet har saman jobba fram eit variert program, med teater, installasjonar, musikk og heilt ferske eksamensarbeid av studentar ved høgskulen som skal bli vist for familiar, barnehagar og skular frå 29. mai til 5. juni. 

– For HVL vil Småspill bidra til eit større samspel med samfunnet og regionen rundt oss, samtidig som festivalen vil skape nye faglege tilnærmingar i skjeringspunktet mellom det kunstnariske, det pedagogiske og ny forsking ved Institutt for kunstfag ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, seier Oded Ben-Horin, instituttleiar ved Institutt for kunstfag.

Musikk som møteplass

Lena Skjerdal er høgskulelektor ved HVL og musikar. Ho jobbar med fleire av produksjonane som skal visast under Småspill og har eit brennande engasjement for musikk som kommunikasjon og møteplass.

Under Småspill skal ho framføre konserten Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar, saman med musikarane Knut Lothe og Erik Halvorsen. Denne trioen har komponert ny musikk til diktboka med same namn, forfatta av Lisbeth Dreyer og illustrert av Per Ragnar Møkleby. I tillegg til å spele konsertar på Småspill, har trioen spelt inn musikken i studio og den blir lansert både digitalt og i fysisk CD-format under arrangementet. 

– Å formidle kunst til barn er utruleg spennande! Dei er nådelause og kan finne på å gå dersom dei ikkje likar det. For å lukkast må ein tone seg inn på ungane og ha det sanselege i høgsetet, men det betyr også at ein ikkje treng å vere så konform. Samstundes krev det mykje førebuing av frå den som står på scena. Ein må vite kva ein har tenkt å gjere, slik at ein kan gå vekk frå det, seier ho.

Kråkebollane framfor turistkart Sogn.jpeg

Kule kattar, knappespel og kunstnarisk utviklingsarbeid

Ein annan viktig del av Småspill er studentproduksjonane. I Sogndal er det studentar frå barnehagelærarutdanninga som står for det kunstnariske innhaldet.

– I fordjupinga «Musikk for dei minste», utviklar studentane konsertar for dei yngste borna i barnehagen. Ein av desse har fått namnet Kule kattar og handlar om tre kattar som spelar jazz. Ein annan konsert heiter Knappespel, Knappespelar Michelle Walmann seier: me skal spele på alle knappar og då kan alt skje!

Også ved campus Bergen blir det studentproduksjonar. Her er det førsteårsstudentane på bachelor i drama og anvendt teater som er med.

– Desse studentane utdannar seg til dramapedagogar og for tida har dei eit emne der eksamensforma er ei teaterforestilling, fortel høgskulelektor Katrine Heggstad.

HVL utviklar kulturelle opplevingar for barn

Høgskulelektoren ser fram til at HVL kan vere med å lage barnekunstfestival saman med Festspillene.

– Ved HVL utdannar vi framtidige kunstfaglærarar, kulturskulelærarar og frilansar. Det er fint at både studentar og tilsette ved campusane våre i Bergen, Sogndal og på Stord er med og lagar Småspill, seier ho.

På campus Stord blir det det førestillingar laga av både tilsette og studentar. I tillegg til førestillingane «Auditomosjon», «Håp» og «Hjem» er det bachelorstudentar ved barnehagelærarutdanninga og masterstudentar ved master i kreative fag og læreprosessar har produksjonar.

Lena Skjerdal er glad for at Småspill har kome i stand og meiner at dette er ein god måte å vise at Høgskulen på Vestlandet utviklar og produserer kulturelle opplevingar for barn.

– Det beste med dette er sjølvsagt at barn får gode opplevingar, men i tillegg er det viktig å synleggjere at kunstnarisk utviklingsarbeid er ein viktig del av forskinga ved HVL, fortel ho.

Leiargruppa for Småspill består av Anne Kristine Wallace Turøy, Hege Gjerde Sviggum, Oded Ben-Horin og Tormod Kleiveland.

Vil du vite meir om Småspill? Les pressemeldinga frå Festspillene og følg med på fib.no for detaljert program for alle forestillingane. 

Håp forestilling Småspill.jpg

Oppdatering 6. mai 2021: Eit av studentprosjekta i Småspill kan ikkje gjennomførast i år, og talet på arrangement som inngår i Småspill er endra frå syv til seks.