Betre praksis skal førebu studentane på framtidas arbeidsliv

Med eit arbeidsliv i endring, blir relevante og gode praksisplassar enda viktigare i utdanninga. Difor har HVL starta opp eit eige praksisprosjekt for helse- og sosialutdanninga.


- Vi som utdannar morgondagens helse- og sosialarbeidarar må vere tett på utviklinga i tenestene. Studentane må få tilbod om praksisplassar som er relevant for det dei skal jobbe med, seier Mildrid Haugland.

Ho leiar praksisprosjektet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved HVL. Her skal tilsette og studenttillitsvalde frå HVL, saman med KS, Helse Vest og sosialtenesta i NAV, fram mot sommaren 2020 finne ut kva som skal til for å gje ei betre praksisopplæring i yrket.

Helse- og sosialtenestane i endring

Framskrivingstala frå Statistisk sentralbyrå for 2035 viser eit aukande behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, ergoterapeutar og barnevernspedagogar. Også kandidatar frå helse- og sosialfag og bioingeniørkandidatane vil vere attraktive på jobbmarknaden i framtida.

Samstundes med eit aukande behov for arbeidskraft, er kommune-, spesialist- og sosialtenestene i omstilling. Pasientane ligg kortare tid på sjukehus og skal følgast opp i heimkommunane. Omsorgsteknologien er på frammarsj, og samtalane mellom pasientar og hjelpeapparatet skjer oftare gjennom ulike nettløysingar.

Kven tek vare på oss i framtida når vi blir sjuk?

- Gjennom praksisprosjektet skal vi bidra til å gjere praksisstudiane til ein betre læringsarena som ruster studentane for framtidas arbeidsliv. Det skal vi gjere i samarbeid med helse- og omsorgstenestene, seier Haugland.

- Sjølv om mykje er bra, veit vi at studentar særleg etterlyser betre informasjon og kommunikasjon mellom praksisstad og lærestad, seier Haugland og viser til NOKUT-undersøkinga.

Ho understrekar at dette ikkje er eit arbeid HVL kan gjere åleine.

- God førebuing til arbeidslivet må gjerast i samarbeid med dei som skal ta i mot studentane når dei er ferdig utdanna. Ved å legge til rette for praksisplassar til studentane våre, kan samfunnet førebu seg på utfordringane som vi veit vil kome. Her har vi ein jobb å gjere, avsluttar Haugland.

Her finn du meir informasjon om praksisprosjektet ved FHS