Bli kjent med studentombodet

- Målet mitt er jo at studentane ikkje skal trenge meg, men på ein høgskule med 16.000 studentar, vil det nok alltid vere eit behov, seier studentombod Sindre Dueland.

Dueland blei tilsett som det første studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet våren 2017. HVL er ein av ti norske utdanningsinstitusjonar med eige studentombod, og det nye lovforslaget som regjeringa no har sendt på høyring, gjer at alle utdannings-institusjonar må sikre studentane eit slikt tilbod.

Ikkje ein advokat

Kva går eigentleg jobben din ut på?

- Primært gir eg studentane råd og rettleiing om rettane deira. Ofte vil det seie at eg gir dei rettleiing om kva rettar dei har i ei bestemt sak, om dei har blitt riktig behandla av høgskulen i saka si, og eventuelt om dei har rett til å klage på noko, seier Dueland

Han understrekar at studentombodet si oppgåve ikkje er å vere advokat for studentane, men å fungere som ein rådgivar.

- Det har vore viktig for meg å ha stort fokus på førebygging, og ikkje vere så veldig reaksjonær. Eg har til dømes ein del kontakt med studieadministrativt tilsette, som er opptekne av moglegheitene studieforskrifta gir, altså korleis vi kan behandle studentane best mogleg. Og det er veldig kjekt å jobbe i ein organisasjon som har det som utgangspunkt – og ikkje det motsette, smiler han.

Likt for alle

Dueland er utdanna jurist og kjem opphaveleg frå Haugesund, men er busett i Bergen. Han er oppteken av at studentar ved alle HVL sine campusar skal ha same tilgang til hjelp frå ombodet, uansett kvar dei studerer.

- Berre litt over halvparten av studentane våre held til i Bergen, så reknestykket er ganske enkelt: eg må vere ute på dei andre studiestadene halvparten av tida, forklarar studentombodet, som trivst godt med pendlinga.

Vil vere tilgjengeleg

Dueland har etter kvart gjort seg nokre erfaringar med kva som fungerer og ikkje i rolla som studentombod.

- Eg veit at andre studentombod har hatt god erfaring med drop-in, men det viste seg å vere litt vanskeleg her på HVL, med fem studiestadar. Eg har heller vald å stå på stand i kantineområda, seier han.

I tillegg til å vere aktiv på eiga nettside og i sosiale medium, har Dueland denne hausten også starta sin eigen podkast, der han snakkar med aktuelle gjester, og gir nyhende og informasjon for ein god og rettferdig studiekvardag.

- Studentane er ikkje berre på éin plass, så det er viktig å vere tilgjengeleg i fleire kanalar. Folk skal ikkje vere redde for å ta kontakt, eller stille spørsmål. Det gjeld også for dei tilsette, understrekar studentombodet.

Alltid eit behov

Som nytt studentombod på HVL var det ingen å følge i fotspora etter, korleis har det vore?

- Eg synest det har vore gøy! Eg trur eg kom inn på høgskulen på eit gunstig tidspunkt. På grunn av fusjonen har heile høgskulen drive med nye ting, og det har vore stor openheit for å ta i mot nye funksjonar, seier Dueland.

Og korleis har du blitt mottatt – treng studentane deg?

- Målet mitt er jo for så vidt at studentane ikkje skal trenge meg. Eg sa det faktisk rett ut til dei internasjonale studentane i Haugesund under opninga i haust, at eg håpar de slepp å sjå meg igjen. Men vi har blitt ein stor høgskule no, med 16.000 studentar, og då vil det nok alltid vere eit behov, seier Dueland.

Her finn du meir informasjon og kontaktinformasjon til studentombodet.