Blir hovudforfattar i arbeidet med ny klimarapport

Professor Sebastian Mernild har blitt utnemnd til hovudforfattar i ei av arbeidsgruppene som skal utarbeide den sjette hovudrapporten til FNs klimapanel (IPCC).

- Dette blir veldig spanande. Eg var med som bidragsytar i arbeidet med den førre rapporten, men denne gongen har eg fått ei leiande rolle, og har ansvaret for å få på plass fleire av kapitla, fortel Mernild.

Han er direktør ved Nansensenteret, og er tilsett som professor 2 ved Høgskulen på Vestlandet. Han underviser i masterfaget Climate Change and Climate Policy ved HVL Campus Sogndal, der han tidlegare hadde full stilling.

Internasjonal klimapolitikk

Klimapanelet sitt arbeid er konsentrert rundt hovudrapportane, som kjem med 5-6 års mellomrom. Sjølv om rapportane er politisk nøytrale, blir dei sett på som det viktigaste faglege grunnlaget for internasjonal klimapolitikk.

- For meg profesjonelt er det eit stort klapp på skuldra å få lov til å vere med på dette. Det krev ei viss form for forskingsfagleg erfaring og tyngde for å sleppe gjennom nålauget, seier Mernild.

Framtidsscenario for klima

Klimaprofessoren har særleg forska på issmelting, men har også ekspertise på datamodellering.

- I delrapport 1, der eg er «lead author», blir ulike framtidsscenario for klima sett opp mot kvarandre. Dette kan fortelje oss meir om kva vi kan forvente av klimaendringar i framtida, forklarar Mernild.

Til saman blei 84 forskarar og ekspertar frå norske institusjonar nominerte av Miljødirektoratet til arbeidet med FNs klimapanel sin sjette hovudrapport. Rapporten skal publiserast i 2021 og 2022.