Brennaktuelle Samtidsdagar

Årets Samtidsdagar byr på debattar, føredrag og bokbad om «oppvekst, omsorgssvikt og psykisk helse» og «mangfald, integrering og det fleirkulturelle Noreg». Rundt 1000 menneske er venta til campus Stord, og Kai Eide, Vigdis Hjorth og Niels Christian Geelmuyden toppar gjestelista.

Det er ellevte gong HVL arrangerer Samtidsdagar på campus Stord. Arrangement har vakse og utvikla seg, og dei siste åra har det vore over 1000 påmeldte og stinn brakke.

Også til årets dagar den 15.-16. januar  har påmeldingane strømma inn.

- Me har mange trufaste gjester frå dei store vidaregåande skulane og frå folkehøgskulane her i Sunnhordland.

- Og me får besøk av mange tilsette frå andre yrkesgrupper som tar desse dagane som fagleg påfyll.

- Her kjem det folk som jobbar i barnevern, grunnskular, barnehagar, politi, Helse Fonna, kommunane og mange andre.

- Kjekt å sjå at Naustvågen barnehage her på Stord vel å ha Samtidsdagane som fagdagar for heile personalet, seier prosjektleiar og kommunikasjonsrådgjevar Alf H. Aronsen i HVL.

Kjente namn
Sidan oppstarten i 2009 har Aronsen henta inn mange kjent namn og stemmer til campus Stord. Journalistane Anders Magnus, Bjørn Hansen og Sigurd Falkenberg Mikkelsen har alle vitja aulaen på Rommetveit og delt av kunnskapen sin. Det har og Robert Mood gjort.

Politikarane Bård Vegar Solhjell, Inger Marte Thorkildsen og Hilde Frafjord Johnsen har bidrege i interessante debattar. Mediekommentatorane Eirin Eikefjord, Frøy Gulbrandsen og Sven Egil Omdal har utfordra og analysert, medan forfattarane Åsne Seierstad, Jon Gangdal, Olaug Nilssen og Marte Michelet er nokre av dei som har fortalt tankevekkande historier

- Gjestene våre har satt stor pris på å bli invitert. Dei gir uttrykk for at dei likar arrangementet og konseptet.

- Og mange av gjestene har kome igjen fleire gonger. Slikt er kjekt, seier Aronsen.

HVL-forskarar er med
Han fortel at HVL og byr på eigne krefter.

- Det er viktig å formidle den forskinga som skjer ved høgskulen, både her på Stord, men og i heile HVL.

- Me har mange flinke formidlarar og forskarar. Difor er det fint at mange av dei er med for å leie og delta i samtalar, og dele av kunnskapen sin.

Treng debatt
Han er ikkje redd for å skape debatt og meiningsutveksling.

- Me lever i ei omskifteleg verd, og me treng å bryna tankar og meiningar.

- Difor må me dele kunnskap, og me treng eit godt og opent ordskifte kor me lyttar til kvarandre for å forstå verda og oss sjølve

- Ut i frå det kan me ta kloke, berekraftige og gode avgjerdslar.

Me ønskjer å vera aktuelle både for ungdom og vaksne gjennom å løfta fram aktuelle tema og stemmer i samfunnsdebatten. Samtidsdagane er såleis ein viktig møteplass for utdanningane våre, men og for arbeidslivet rundt oss. Arrangementet er gratis og opent for alle.

Prosjektleder Alf H. Aronsen