Digital undervising heile komande veke

HVL har bestemt å forlenga dei gjeldande tiltaka, og det blir digital undervising førebels ut veke 15 - det vil seie til og med søndag 18. april.

Unntak kan gjerast for ferdigheitslæring som er kritisk viktig og avgjerande å gjennomføre for at studentar kan få gå ut i praksis eller for å oppretthalde progresjon.

All praksis vil gå som normalt i tråd med smittevernsråd og retningslinjer.

Frå måndag 12. april vil bibliotek og leseareal ved alle campusane våre, inkludert Haugesund, vere opne for studentar med adgangskort.

Avstandsreglen på campusane er no 2 meter.

Styresmaktene oppmodar oss alle om å etterleve smittevernsreglane og ha lav terskel for å teste oss. Smittesituasjonen er framleis ustabil og det kan kome endringar og tilpasningar på kort varsel.

Følg med på Canvas for informasjon om kva som gjeld for deg.