Slik får du ein god studiestart!

Ny? Nervøs? Nysgjerrig på kva som ventar deg? Vi gir deg 10 tips for ein god studiestart!

Å komme til ein ny stad der du ikkje kjenner nokon, er både spennande og utfordrande. Det å vere ny er ubehageleg, men hugs at mange rundt deg er i same situasjon, og har lyst til å bli kjend med deg! 

Å bli student er eit nytt kapittel der du må gi deg sjølv lov til å prøve og feile. Alt vil ikkje gå på skinner, og det er mykje du skal finne ut av. Det er umogleg å vite kva som er rette vegen, du må berre ta sjansen, hoppe ut i det, og justere kursen etter kvart.

Ti tips for ein god start ved HVL

  1. Kom raskt i gang sosialt. Delta i fadderveka. Meld deg inn i ein studentorganisasjon. Om du finn ut av at det er feil for deg kan du byte seinare, men ikkje sit og nøl på sidelinja.

  2. Kom raskt i gang fagleg. Få med deg alle forelesingar heilt frå starten, og begynn å lese med ein gong.
     
  3. Lag eit budsjett og lev etter det. Det smakar ikkje godt med nudlar til middag kvar dag på slutten av månaden.

  4. Få nok søvn og mat. Det er også greitt med aleinetid og avslapping! Du treng ikkje få med deg absolutt alt som skjer - då blir du berre utslitt.

  5. Logg av! Studiestartvekene blir blant dei mest sosiale vekene du vil oppleve i livet, og då er det viktig å vere fullt ut til stades. Snapchat, Instagram og TikTok kan vente.

  6. Vit at det er heilt normalt med ubehagelege følelsar i starten av noko nytt: einsemd, tvil, frykt. Mellom anna er det veldig vanleg å lure på om du har valt feil studium. Denne tvilen kan komme i bølgjer - særleg i forkant av eksamen og innleveringar er det mange som begynner å lure.

  7. Engasjer deg! Dess meir du legg inn, dess meir får du tilbake. Det er ikkje berre studiet og karakterane som tel når du søker jobb.

  8. Utforsk studiestaden din!

  9. Oppsøk gode samtalepartnarar dersom du treng nokon å snakke med. Vi tilbyr studierettleiing på alle campusane våre, og Studentsamskipnaden har ei psykisk helseteneste. 

  10. Tolmod er livets dyd. Vit at det meste ordnar seg over tid!

Vi ønskjer deg velkommen til oss, og håpar du får ei god studietid ved HVL!

studentar ute Sogndal_3463.JPG