Eivind Aadland har fått professoropprykk

Fysisk aktivitet i skulen og barnehagen er tema for forskinga til Eivind Aadland. No er han nyslått professor.

Eivind Aadland er leiar av forskingsgruppa Fysisk aktivitet og folkehelse ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Han er tilsett ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved campus Sogndal.

Kva forskar du på?

– Mine fremste forskingsinteresser er fysisk aktivitet, fysisk form og folkehelse, fysisk aktivitet hjå barn og unge, fysisk aktivitet i barnehage og skule, måling av fysisk aktivitet og fysisk form, og bruk av akselerometer. I tillegg har eg forska noko på risikovurdering, risikohandtering, leiing og læring i friluftsliv og havpadling spesielt.

Korleis begynte din forskarkarriere?

– Eg starta på Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2008. I 2009 vart eg stipendiat ved Avdeling for helsefag i Førde med eit prosjekt der eg evaluerte effekten av livsstilsbehandling for personar med sjukleg overvekt på Hauglandsenteret. Eg avslutta doktorgraden i 2013, og fortsetta derfrå i prosjekta ASK og PRESPAS. Sidan har det gått slag i slag!

Kan du trekke frem eit eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

– Eg arbeider i all hovudsak med fire prosjekt:

  • Active Smarter Kids (ASK) – her forskar me på effekten av meir fysisk aktivitet i skulen.
  • The Sogn og Fjordane Preschool Physical Activity Study (PRESPAS) – dette er ei kartlegging av fysisk aktivitet i barnehagen.
  • Frisklivssentral – en kommunal helseteneste for livsstilsendring – dette er ei evaluering av det kommunale tilbodet for oppfølging av vaksne som treng livsstilsendring. 
  • Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW) – dette er eit tiltak med meir fysisk aktivitet i barnehagen som er under utvikling.

Dersom du fekk frie tøylar, ubegrensa med midlar og tid – kva ville du forska på då?

– Det der er jo drøymespørsmålet til alle forskarar! Då må eg vel seie at eg håpar veldig at me får midlar til å gjennomføre ACTNOW-prosjektet. Me sendte ein søknad til Forskingsrådet for 14 dagar sidan. Dette vil bli ein stor studie der me vil inkludere meir enn 100 barnehagar og 2000 barnehagebarn på vestlandet. Målet med prosjektet er å integrere meir fysisk aktivitet i kvardagen i barnehagen. Lågt fysisk aktivitetsnivå er ein folkehelseutfordring. Me ynskjer difor å utvikle gode modellar for meir fysisk aktivitet i barnehagen for å auke aktivitetsnivået og fremme optimal utvikling hjå dei yngste barna.

Vi gratulerer med opprykket!