Eksamen først – juleverkstad etterpå

Å vera tett på studentane og legga til rette for at dei trivst og lukkast i studietida er eit av måla i HVL. På sjukepleiarutdanninga på Stord lever dei ut ambisjonen til fulle.

Denne siste veka før jul hadde sjukepleiarstudentane eksamen i anatomi og fysiologi på formiddagen. På ettermiddagen var det jul med stor J.

Eit nytt trivselstiltak som dei tillitsvalte sjukepleiarstudentane og faglærarane har snikra saman i lag - blei særs vellukka.

- Det har vore eit travelt semester for både studentar og tilsette. Då er det godt å samlast, roa ned litt og gjera noko kjekt i lag inn mot jul, fortel høgskulelektor Angelina Belova.

Saman med kollegaene Elfrid Kartveit og Gunnhild Høgås og resten av teamet for 1. årsstudentane laga dei til ei god og kjekk juleavslutning i lag med studentane.

- Mange studentar var nok spente og nervøse føre eksamen, men på ettermiddagen fekk me ein fin stund og avslutning i lag med ulike aktivitetar og mat. Veldig kjekt, avsluttar Belova.

Godt å samlast før jula set inn.


Fine juledekorasjonar.