Fann draumejobben i BKK Varme

- Eg synes eg har verdas beste jobb og gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag, seier Kristian Aho. Han valde energiteknologistudiet og ser at studiet har gitt han fleire bein å stå på. Hilde Skeie tok same studium men valde ein annan karriereveg.

Dei to tidlegare studentane valde begge å studere energiteknologi. Men medan Kristian i 2007 fekk jobb i oljeindustrien eitt år før han var ferdig utdanna, sat Hilde på jobbintervju i 2011 og gjekk gjennom samlege karakterar før ho fekk sin første jobb i VVS-bransjen.

Begge meiner at det beste med energiteknologistudiet er den faglege breidda studiet har gitt dei i møte med ein stadig tøffare arbeidsmarknad for ingeniørar.

Gir varme til Bergens befolkning

Draumejobben til Kristian dukka ikkje opp rundt første sving. Faktisk tok det nærare 10 år frå han fekk sin første jobb, til han enda i jobben han hadde sett for seg då han studerte energiteknologi.

– Ein draum gjekk i oppfylling då eg fekk jobben i BKK Varme som produksjonsansvarlig for fjernvarmeanlegget. Det var jo dette eg ville - det ser eg no. Det var dette eg tok utdanninga mi for, og ville jobbe med, seier Kristian.

Etter 9 år i Aker dukka jobbannonsen i BBK Varme opp. Kristian fekk jobben som produksjonsansvarleg for heile fjernvarmenettverket i Bergen blant 105 søkarar. Bedrifta hans er Norges tredje største på fjernvarme. Avfallsvarme er hovudenergikjelda til kundane hans, og jobben hans går ut på å bruke varmen frå avfallsforbrenningsanlegget i Bergen til fornybar energi til kundar.

Kjeledress i bilen

Kva går jobben din ut på?

– Eg jobbar med alt som har med produksjon å gjere for å gi kundar varme. Me brukar spillvarmen frå avfallsforbrenninga, noko som betyr at 98 prosent av varmen me leverer og tilbyr kundar er fornybar energi. Kundane våre er blant anna Haukeland sjukehus, sjukeheimar og større bedrifter i tillegg til einebustadar. Målet vårt er å oppnå 100 prosent fornybar energi.

Er det ein rein kontorjobb, eller får du lufta deg ut av kontoret innimellom?

– Eg er 60 prosent på kontoret og 40 prosent ute og følgjer opp elektrikarar, røyrleggarar og konsulentar. Du må ikkje vere redd for å ta på deg ein kjeledress i jobben min. Den ligg i bilen her ute, seier Kristian. Er det småjobbar som dukkar opp og han har tid, så tar han gjerne jobbane sjølv.

– Eg synes eg har verdas beste jobb. Her får eg utfolde meg, seier Kristian.

Fekk sin første jobb i VVS-bransjen

For Hilde Skeie starta arbeidskarrieren som rådgivande ingeniør innan VVS hos firmaet Norconsult i Bergen. Ho kom til ein bransje som har vore ganske mannsdominert, men dei siste åra har trenden snudd, og bransjen har no fleire kvinner.

Hilde trur noko av forklaringa på at det har blitt fleire kvinner i bransjen, er at kvinner er godt representerte i energiteknologiutdanninga.

– Energiteknologistudiet svarar på eit behov i bransjen, og VVS-bransjen i Bergen er absolutt farga av energiteknologistudiet ved HVL, og av kvinneandelen på studiet, seier Hilde.

For henne har det vore viktig å engasjere seg i Norsk VVS, energi og miljøteknisk foreining som er ei uavhengig bransjeforeining. For tida er ho leiar for lokallaget i Bergen.

– VVS-bransjen er ein veldig kjekk bransje å jobbe i. Som student og nyutdanna er det nyttig å bli med i VVS-foreininga for å få faglege innspel og større sosialt og profesjonelt nettverk. Det kjem godt med når ein skal søke nye jobbar. 

Master ga nye jobbmoglegheiter

Etter nesten tre år i Norconsult bytta Hilde jobb og starta i Multiconsult. Samtidig som ho starta i nytt arbeid fekk ho lov å kombinere jobb med å ta ein master. Ho valde ein master i energi med fordjuping i termiske maskinar som er ein samarbeidsmaster mellom UiB og HVL.

- Eg likte veldig godt kombinasjonen med å få jobbe og ta ein master samtidig. Det utfordra meg til å være meir effektiv med tida mi.
Masterutdanninga gjorde at ho vart meir attraktiv hos arbeidsgjevaren. Utdanninga var også avgjerande for å få jobben ho har i dag som trainee i prosjektleiing i Bane NOR, tidlegare Jernbaneverket:

– Eg hadde aldri fått denne traineestillinga utan masteren, fordi det var krav om teknisk master for å få stillinga. Masteren har gitt meg enda fleire bein å stå på, og i ein tøffare arbeidsmarknad er det godt å ha med seg, seier Hilde.

Spennande å utvikle Vestlandet

Hilde går no på eit traineeprogram for å lære om prosjektleiing, jernbane og samferdsel. Gjennom traineeprogrammet får ho med seg 30 studiepoeng i prosjektleiing og jernbaneteknikk. Akkurat no lærer Hilde prosjekteringsleiing på den nye traséen mellom Bergen og Arna, også kjent som nye Ulrikstunnellen.

Kva likar du godt med denne jobben?

– Det er spennande å jobbe på eit så stort prosjekt. Det største jernbaneprosjektet på Vestlandet på veldige mange år. Dessutan er det å få jobbe med eit så stort prosjekt med på å opne mange nye dører til å jobbe med prosjektleiing i store prosjekt.

– Det er mange som har forventningar til dette prosjektet, og det er lærerikt å jobbe ein slik plass. Her er mange utfordringar, seier Hilde.

Bør like fysikk og teknologi

Kven passar denne utdanninga for? 

– Den passar for alle som har lyst til å lære litt om alt innan tekniske fag. Teknikk og teknologi særleg. Har du interesse for fysikk, varme og energi, er dette noko for deg, seier Kristian. Han meiner at utdanninga passar for dei fleste, fordi studiet er så breitt. Likar du å demontere ting og finne ut korleis ting verkar, er dette utdanninga for deg, meiner Kristian.

– Du må vere interessert i tekniske fag for å ta denne utdanninga, meiner Hilde. Då eg byrja på studiet visste eg ikkje kva eg gjekk til. Motivasjonen min var at eg likte matematikk og naturvitskaplege fag som fysikk og kjemi. Eg tenkte at dette studiet vil gi meg mange muligheiter, og det var ein viktig grunn til at eg søkte. Studiet virka også veldig framtidsretta, avsluttar Hilde.

Interessert i å studerer energiteknologi? Les meir om studiet.