Får 7,5 millionar til ny lærarutdanning

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen delte torsdag ut 7, 5 millionar kronar til den nye lærarutdanninga ved HVL. Han tok seg også tid til å møte fleire lærarstudentar i Bergen.

Førsteårsstudent Nina Owren på grunnskolelærarutdanning 1-7 var ein av dei som fekk møte ministeren og fortelje om studiane.

Korleis er studiane, lurte ministeren på.

– Studiane er veldig bra, og eg er veldig fornøyd med studiestaden, svarte Owren.

Korleis er det å vere i praksis?

– Eg var veldig nøgd med praksisskulen min på Askøy. Skulen eg kom til var heilt ny og forholdsvis liten, svarte lærarstudent Nina Owren.

Fekk du god støtte og oppfølging? spurte kunnskapsministeren.

– Ja, eg fekk både god støtte på skulen og besøk frå praksislærar frå HVL. I tillegg hadde vi fleire møte med rektor undervegs, så det var kjempebra, fortalde Owren. Ho går første året på grunnskulelærarutdanning 1-7 og har vald fordjuping i kroppsøving.

 Viktige midlar for lærarutdanninga

Rektor Berit Rokne er glad for kunnskapsministeren sitt besøk og midlane han kom med.

– Vi har høge ambisjonar for kvaliteten på den nye lærarutdanninga, og er difor glade for alle midlane vi får tildelt til dette føremålet, seier rektor Berit Rokne.

Asle Holthe, dekan ved lærarutdanninga campus Bergen, er også nøgd med midlane til lærarutdanninga som blir masterutdanning frå hausten 2017.

– Dette er eit veldig bra bidrag for å implementere lærarutdanninga som ei ny masterutdanning, seier han.

 

Lærarutdanninga blir femårig

Hausten 2017 blir lærarutdanninga over heile landet femårig. Det betyr at lærarutdanninga no blir på masternivå. Høgskulen på Vestlandet fekk torsdag midlar som skal gå til å dekke kostnadane ved omlegginga til masterutdanning.

Lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er den største lærarutdanninga i Noreg.