Flott jubileum for sjukepleien på Stord

I overkant av 50 gjester og der i blant tidlegare tilsette, studentar, lærarar, praksisfelt og stortingspolitikarar var på plass då sjukepleiarutdanninga på Stord markerte 40 år.

- Det er ei stor gleda å ønskje dykk alle velkommen til seminar og markering av sjukepleieutdanninga på Stord som passerer 40 år denne hausten. Programmet i dag drar linjer bakover i tid, men tar i større grad høgde for å sjå på utdanningslinjene framover i tid, helste vert og studieleiar Leif-Steinar Alfsvåg innleiingsvis.

Saman med jubileumskomitéen hadde han snekra samen eit flott program med variert innhald og ulike tema og innlegg. Rektor Berit Rokne og tidlegare student og noverande Brann-trener, Lars Arne Nilsen, hadde gode helsingar digitalt, medan professor Arild Raaheim frå Universitetet i Bergen, professor Ida Torunn Bjørk frå Universitetet i Oslo, seniorrådgjevar Eva Halvorsen og førsteamanuensis Kari Thorkildsen frå HVL hadde interessante foredrag «live».

Avslutningsvis var det panelsamtale kring temaet: Kva er sjukepleiarutdanninga sine utfordringar inn i framtida.

Undervegs var det fleire som kom med gode ord og fine helsingar.

Sjå programmet og les historia om sjukepleiarutdanninga på Stord. Ei historie som fortel at sjukepleiarutdanninga på Stord gjennom desse 40 åra har forsynt regionen med 2537 kandidatar. Det er eit tal som monnar.

Professor Arild Raaheim frå Universitetet i Bergen retta blikket mot kva utfordringar for undervising og læring som følgjer med bruk av ny teknologi.

Stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland (H) og Magne Rommetveit (AP) var på plass.

Seniorrådgjevar Eva Halvorsen ved HVL hadde eit humoristisk skråblikk på sjukepleiarutdanninga si historie. Bak ser me Gudbjørg Øen og Addy Anne Langeland.

Professor Ida Torunn Bjørk frå Universitetet i Oslo foreleste om «Ei betre sjukepleiarutdanning gjennom forsking?» Bak ser me tidlegare faglærar Addy Anne Langeland og tidlegare rektor ved Stord sjukepleiarhøgskule Britt Ersland.

Panelsamtalen krinsa rundt temaet sjukepleiarutdanninga sine utfordringar inn i framtida. Frå venstre: ordstyrar og studieleiar Leif-Steinar Alfsvåg, Mette Mikkelsen (regionleiar i Norsk Sykepleierforbund), stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H), Arne Valen (dagleg leiar i Kirkens bymisjon), stortingsrepresentant Magne Rommetveit (AP) og Ida Torunn Bjørk (professor Universitetet i Oslo).