HVL-studentar fekk utdanningspris

Elleve bachelorstudentar frå Institutt for Maskin- og marinfag på Høgskulen på Vestlandet har vunne Forbundet for Leiing og Teknikk (FLT) sin utdanningspris.

- Det var overraskande, men veldig kjekt å vinne! Det gir oss lyst til å fortsette å lære, seier Natalia Khan, som presenterte oppgåva på vegne av gruppa under prisutdelinga.

Resten av prisvinnarane heiter Roberto Andrei Burcă, Andreas Evjenth, Andreas Flåten, Martin R. Lied, Otto Andreas Moe, Andreas Nordvik, Joakim F. Nyland, Iselin Violet Kjelland Schøn, Caspar C. Smith og Håkon Teigland. Oppgåva vart skriven som ein del av valfaget Avansert dynamikk.

Originalt og nyskapande

- Oppgåva vår handlar om å finne ein metode for å hindre uønskte skipsbevegelsar i sjøen, seier Khan, som vil takke rettleiar Thomas Impelluso for tett samarbeid.

I grunngjevinga si trakk juryen fram originaliteten i oppgåva, og at den var fagleg nyskapande. I tillegg var dei imponerte over teamarbeidet som låg til grunn for arbeidet.

Prisen, som er på 150.000 kroner, vart delt mellom HVL-studentane og masterstudent Sindre Gjøystdal.

I tillegg til å vinne pris har bachelorstudentane fått publisert fire artiklar, som nyleg vart presenterte på ein stor konferanse for maskiningeniørar i Florida.