Frå sikringsnål i nattskjorta til sensorteknologi

I dag vert framleis ein uglesett metode nytta for å hindra fall på sjukehus. No samarbeider Førde Sentralsjukehus og HVL om eit prosjekt for å erstatte sikringsnåla med sensorteknologi.

Metoden som har vore brukt til no, går ut på at ein festar ringeklokka til pasienten med ei sikringsnål i nattskjorta, slik at når pasienten reiser seg frå senga drar han i ringeklokka som varslar ein sjukepleiar om at pasienten er uroleg.

- Denne metoden er langt ifrå god nok til å hindre fall, seier seniorrådgjevar i Helse Førde Lasse Lesto.

Lesto er prosjektleiar for prosjektet «Eldrevennlege sjukehus – pasienttryggleik og verlferdsteknologi» som er eit samarbeidsprosjekt mellom ingeniør- og sjukepleiarmiljøet på HVL, campus Førde og Ortopedisk sengepost i Helse Førde. Prosjektet har fått samarbeidsmidlar frå HVL og såkornmidlar frå Helse Vest.

Førstelektor Toril Midtbø og høgskulelektor Astri Johanne Hagenes ved HVL bidreg inni prosjektet med rettleiing av studentar i prosjektet og undervisning på ortopedisk sengepost.

Testar andre løysingar

Prosjektet Lesto har satt i gang, skal sjå på korleis ein kan nytta moderne teknologiske løysingar for å hindra fall på sjukhuset. Dei skal innreie eit rom som er spesielt tilrettelagt for dei pasientane som er mest utsette for fall.

Når pasientane kjem inn til Ortopedisk avdeling på Førde sjukehus, vert det gjennomført ei risikovurdering. Der vurderer ein kor sannsynleg det er at pasienten kan få eit fall mens han er inne til behandling. Dette ser ein i samanheng med fysisk og kognitiv svikt og vanskar med å etterleve instruksjonar. Overfor desse pasientane må ein setta i verk ekstra tiltak. Det er dette prosjektet har som mål å utvikle.

Pasientrommet er innreia med ei lågt-gåande seng med sensorar på. Senga kan senkast ned til ti cm over golvet slik at eit eventuelt uynskja forsøk på å komma seg ut av senga ikkje fører til eit skadeleg fall ut av senga. Vanlege senger har sengehestar, men ein har erfart at desse ikkje fungerer, då pasientane prøver å komme seg over dei og dermed har lett for å ha eit uhell. Den nye senga har sensorar på begge sider, slik at sjukepleiaren som har ansvar for pasienten vert varsla på mobil om pasienten er uroleg og på veg ut av senga. Det er også installert eit kamera på rommet. Dette kan sende tidsavgrensa bilete av pasienten på rommet.

- Denne pasientgruppa brukar ofte lang tid på å roe seg og sovne. Då er det eit uromoment at helsepersonell går inn til pasienten med jamne mellomrom. Dette førar gjerne til at pasienten vaknar og igjen må bruke lang tid på å roe seg. Difor er det lurt at helsepersonell heller passar på ved hjelp av kamera, seier Lesto.

Varm teknologi

I tillegg skal rommet innreiast med skjerm som har ei analog klokke som fortel pasienten om det er dag eller natt. På denne skjermen kan ein også spela av roande musikk eller visa bilete som pasienten kjenner.

- Desse tekniske hjelpemiddela skal ikkje gi mindre tid til pasientane, eller ta vekk positiv kontakt med helsepersonell. Vi trur heller effekten blir motsett. Når vi nyttar utstyret på måtar som er tilpassa den enkelte pasienten, frigjer vi meir tid til omsorg, seier Lesto.

Haldninga til å ta i bruk moderne teknologi er positiv både hjå pasientar, pårørande, tilsette på avdelinga og leiinga i Helse Førde. Lesto fortel at det sjølvsagt er nokre som er skeptiske, og redde for at dei vert overvaka – noko han kan trygga dei om at dei ikkje vert. Prosjektet er avklart av både jurist og personvernombodet på sjukehuset.

Innovative studentar

Hausten 2017 arrangerte Lesto saman med Høgskulen innovasjonsdag for studentane på sjukepleie og ingeniør. Helse Førde si bestilling var tryggare pasientrom og ei betring av arbeidsmiljøet gjennom ny teknologi. Forslaga frå studentane skulle fungere teknisk, samstundes som dei sjukepleiefaglege aspekta måtte ivaretakast.

Lesto vart særleg imponert over forslaget til studentane om ein dusjstol. Den skal kunne plasserast under ein liggande pasient i senga, for så å rettast opp i ryggen til sittande og transportera pasienten til dusjen.