Frå sjukehuset til Akutten

Ei av dei beste sjukepleieutdanningane i landet lokka Vebjørn Dolve til Campus Førde.

– Det var tanken på å hjelpe andre menneske som var avgjerande for at eg enda på sjukepleien. Ønsket var å jobbe med noko givande, og det har det òg vist seg å vere, seier 22-åringen.

Vebjørn er i gang med den første av to praksisar ved sjukehuset gjennom studiet. Han fortel om lærerike dagar der dei får sette teori frå pensumbøkene om til praksis.

Studiet har så langt vore som forventa: krevjande, men med høg verdiskaping.

Lever opp til det gode ryktet

Han var godt kjent med Førde før han flytta dit, men det var verken vennekretsen eller kort veg til heimstaden som gjorde at Vebjørn valde å ta utdanninga si der.

– At Campus Førde har rykte på seg som ein av dei beste studiestadene i landet for sjukepleiarar, var avgjerande, og det ryktet lever dei opp til.

Lærarane har lang erfaring og stiller høge krav til oss, seier han og peiker på at dette bidreg til å gjere dei rusta til det reelle arbeidslivet.

Studentkroa Akutten

På fritida har han ein plass i Studentparlamentet, ei oppgåve han tok på seg etter å ha trivest godt i rolla som tillitsvald i klassen. Det hender at han og medstudentane får bruk for sjukepleiaruniforma utanom i studiesamanheng òg, då gjerne på ein temafest på studentkroa med det passande namnet Akutten.

– Der er det alltid kjentfolk og kjekke arrangement. Så viss eg skal ut, er det éin stad som gjeld, og det er Akutten, seier Vebjørn.

Vebjørn - kort fortalt

Frå Florø
Studium Sjukepleiar
Kvifor Campus Førde Rykte som ei av dei beste
sjukepleieutdanningane i landet
Fritidsaktivitetar Trening, studentpolitikk og venner
Førde med eitt ord Tett på
Alltid i skulesekken Vassflaska
Sosialt Studentkroa Akutten