Godt i gang med nytt doktorgradsprogram
Det nye doktorgradsprogrammet "Ansvarleg innovasjon og regional utvikling" ved HVL er godt i gang. Nyleg vart det første kurset arrangert digitalt med 35 deltakarar.
Det siste tilskotet av doktorgradsprogram ved HVL går på tvers av fleire fakultet ved høgskulen. Programmet har industriell innovasjon, grøn innovasjon og innovasjon innan offentleg sektor som tematiske berebjelkar. Fokuset på ansvarleg innovasjon i dette perspektivet, gjer doktorgradsprogrammet både aktuelt og framtidsretta.
Den anerkjente professoren Lars Coenen leia det første kurset i programmet. Coenen er internasjonalt anerkjent for sitt arbeid med berekraftig omstilling i samfunnet. Spesielt har han forska på kva rolle regionale forhold har for grøne omstillingar, og på korleis industrien kan omstille seg utan å miste arbeidsplassar.
Coenen flytta med familien frå Australia for å bli ein del av nybrottsarbeidet ved HVL.
– Eg er verkeleg glad for å vere ein del av dette. HVL har klart å bli verdens første som lagar eit ph.d.-program på eit tidsakutelt tema som ansvarleg innovasjon. HVL sitt fokus på arbeidslivsrelevans og praksis gir oss unike moglegheiter for "learning-by-doing" og finne løysingar for dei stor utfordringane med å sikre ei berekraftig utvikling, seier han.
Deltakarar frå heile verda
Temaet for det første kurset var grøn innovasjon og omstilling på eit systematisk nivå, med omfattande endringar innan produksjon og forbruk på områder som til dømes energi, transport, vatn og mat.
– Kurset introduserte, diskuterte og brukte teoretiske modellar som forklarer korleis sosio-tekniske omstillingar utviklar seg, drivarar og hinder, og korleis slike omstillingar blir styrt, legg Coenen til.
Sjølv om det første kurset måtte gå digitalt grunna covid19, gav det også sine fordelar, fortel han.
– Vi tilpassa kurset etter formatet. Brorparten av studentane kom frå Norge og Europa, men vi fekk også med fleire studentar frå andre kontinent som Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Med tanke på temaet, er eg spesielt glad for at vi kunne ha eit "globalt" ph.d.-kurs her i Bergen, med eit lavt karbonavtrykk fordi vi unngjekk flyreiser.
Fornøgd med kurset
Emil Lindfors var ein ein stipendiatane som deltok på kurset og er godt nøgd med utbyttet:
– Å lære om berekraftig omstilling frå ein av dei fremste forskarane på feltet saman med studentar frå heile verda har vore fantastisk. Først og fremst for mi eiga forståing og ekspertise på forsking som vil bli svært viktig for den berekrafige omstillinga i industrien som trengs i nær framtid, kommenterer han.
Viktig for universitetsambisjonen
Ansvarleg innovasjon og regional utvikling er det fjerde doktorgradsprogrammet som HVL har oppretta i eigen regi. Fire eigne doktorgradsprogram er eitt av krava til å bli universitet, noko HVL innfridde då Ansvarleg innovasjon og regional utvikling blei godkjent. Den vidare utviklinga av doktorgradsprogramma er difor sentrale for å nå målet om å bli universitet.
Fagmiljøet rundt programmet blei denne våren tildelt inntil 3,4 millionar kroner i ekstra universitetsmidlar, som eitt av 13 fagmiljø ved HVL. Miljøa skal arbeide spesielt med å auke publiseringa og eksternfinansieringa ved HVL, som eit ledd i universitetsambisjonen.
– Det fleirfakultære programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling harmonerer godt med strategien til HVL om samspel, innovasjon og berekraft. Eg er stolt over at HVL har etablert eit program som svarer på behovet i samfunnet. Vel gjennomført første kurs, seier prorektor for forsking, Gro Anita Fonnes Flaten.