Gymnasbygget får nytt namn

Det nye namnet på bygget i Sogndal er Bragebygget.

Etter at Statsbygg overtok bygget frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, har det blitt totalrenovert. Planlagt innflytting er desember 2018/januar 2019.

Det siste halvåret har namnet på bygget blitt diskutert. Gymnasbygget er eit innarbeidd namn, men gir assosiasjonar til vidaregåande opplæring. Fylkeskommunen ønskte derfor ikkje at namnet skulle vidareførast. Det blei sett ned ei gruppe som fekk i oppdrag å finne eit nytt namn. Gruppa bestod av tilsette og studentar frå FLKI, Karianne Bergheim, Bjørg Kristin Selvik, Jan Olav Fretland og Georg Arnestad.

Det var studentane i gruppa som kom opp med namnet Bragebygget. Før fusjonen var Brage namnet på det opne arkivet der HiSF-studentar kunne få publisert bacheloroppgåver med karakteren A og B, og masteroppgåver. I tillegg blei forskingspublikasjonar frå tilsette publisert her.

"Den beste"

Brage kjem frå det norrøne namnet Bragi, danna av bragr, som betyr "den beste/fremst" eller "dikt". I norrøn mytologi er Brage guden for dikting og skaldekunst.

Assosiasjonen er dermed knytt til skriving og gode prestasjonar, noko ein håpar vil inspirere brukarane av bygget.

Den norrøne tråden vil bli tatt vidare i namngiving av romma i Bragebygget.