Heiar på Stord-modellen

I fem år har dei store industriverksemdene i Sunnhordland, Fagskolen i Hordaland og Høgskulen på Vestlandet jobba i lag om ein unik utdanningsmodell som forsyner regionen med praktiske ingeniørar. Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet likar det han ser og høyrer. Sjå film!

Den såkalla Stord-modellen er eit spesialdesigna utdanningsløp i tre trinn. Studentane startar med fagutdanning, går via teknisk fagskole og dei får høve til å fullføre med ingeniørutdanning på HVL.

Kort sagt – eit unikt opplegg i norsk samanheng kor studentane utdannar seg frå fagarbeidar til ingeniør, medan dei er i jobb.

Sist veke samla alle aktørane seg på Stord for å markere fem års samarbeid - og for å utvikla utdanningsmodellen vidare.



Les meir om utdanningane: