Kjenner seg godt mottatt ved Høgskulen på Vestlandet

Nye studentar føler seg godt mottatt ved Høgskulen på Vestlandet. Dette kjem fram av studentane si helse- og trivselsundersøking. Samtidig er det mange som slit psykisk.

- Det er gledeleg at studentane våre føler seg godt mottatt og har stor grad av trivsel, kommenterer prorektor for utdanning ved HVL Bjørg Kristin Selvik. 

HVL scorar høgare enn landssnittet på alle campusar på når det gjeld mottak av nye studentar.

Fleire slit psykisk

Samtidig er prorektoren uroa over at mange slit psykisk. 

- Eg er særleg bekymra over at så mange melder om dårleg psykisk helse, og at dette har auka sidan sist. Undersøkinga viser også at mange stiller store krav til seg sjølve, fortel Selvik. 

På landsbasis seier nær ein av tre studentar at dei kjenner seg einsame ofte eller svært ofte. Høgskulen på Vestlandet ligg omtrent på same snittet, men med enkelte variasjonar mellom campusane. 

Alkohol og rus

Eit fleirtal av studentane seier dei har delteke på fadderordninga som nye studentar. Dei fleste opplever ordninga som positiv totalt sett.

Eit fleirtal av studentane meiner at det blir drukke for mykje i studentmiljøet. Samtidig meiner mange at det burde vore fleire alkoholfrie studenttilbod. Her ligg HVL omtrent på landssnittet.  

Studentane ved HVL ligg godt under landssnittet når det gjeld bruk av andre rusmidlar.

- I dialog med både studentar og studentsamskipnaden må vi no sjå nærare på resultata for heile HVL, fakulteta og på campusane våre og drøfte kva tiltak vi kan gjere. Undersøkinga gir ei nyttig kartlegging av korleis situasjonen for studentane er, avsluttar Selvik.

Undersøkinga er nasjonal og er gjennomført av Folkehelseinstituttet på oppdrag av studentsamskipnadane Sit, SiO og Saman.

For fleire kommentarar, kontakt prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik.