Høyring om funksjonsplanar

Planane som gir forslag til administrativ organisasjonsstruktur er sendt på høyring med svarfrist 13. desember. Det blir informasjonsmøte 11. desember, der alle planane blir kort presentert.

Det er i alt 10 funksjonsplanar som no er sendt på høyring av prosjektgruppene i delprosjekt Administrativ organisasjonsstruktur. 

Du finn alle planane og høyringsbrevet som blei sendt ut her. 

11. desember frå klokka 12 til 15 blir det halde eit informasjonsmøte der alle planane blir presenterte. Ein kan sende spørsmål i forkant av møtet til ou-info@hvl.no.

Møtet blir fysisk arrangert i Bergen, og Senter for nye medier vil hjelpe til med å strøyme møtet, slik at straumen får god kvalitet.

Nærare informasjon om møterom, lenke til straumen, og tidsanslag for når dei ulike planane blir presentert blir oppdatert i kalenderhendinga

Kva skjer vidare?

I grove trekk ser prosessen vidare slik ut: 

  • 13. desember: Svarfrist for høyringa
  • Etter høyring: Prosjektgruppene handsamer innspela og gjer eventuelle justeringar i planane før dei leverer endelege forslag til rektor.
  • Rektor fastsetter funksjonsplanene og den formelle organisasjonsstrukturen etter å ha gjennomført møter med de tillitsvalgte (dette blir mest sannsynleg på nyåret).
  • Når funksjonsplanane er godkjende kan arbeidet med bemanningsplanar kan starte 
  • Februar: Bemanningsplanar skal vere ferdig utarbeidd og blir levert til rektor. 
  • Februar/mars: Arbeidet med innplassering kan starte når bemanningsplanane er godkjend. Då overtek personal planverket og koplar personar med stillingar. 

Les meir arbeidet med planane på prosjektsida til Administrativ organisasjonsstruktur