Høyringsinnspel frå det største fakultetet

Fristen for å gi innspel til modellar for instituttstruktur i det nye Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett gjekk ut 1. juli. No er innspela lagt ut i ei samla oversikt.

Fakultetet blir det største av dei fire fakulteta i HVL, og 48 høyringsinstansar gav svar på høyringa, som blei gjennomført med Questback. 

Dekanane har hatt eit første møte der dei har sett gjennom og diskutert innspela. Høyringsinnspela vil og bli tema på det første møtet i den nye leiargruppa for HVL 8. august. 

Sjå alle høyringsinnspel til fakultetstruktur for lærarutdanning, kultur og idrett (word).

Sjå høyringsinnspel som pdf-fil.

Skulle du finne feil i dokumentet, gi ein lyd til ou-programmet@hvl.no, så får vi retta det.

Kva skjer vidare?

Ut frå innspela vil dekanane jobbe fram ein modell, som vil bli presentert for fagmiljøa i eit notat som skal sendast ut innan 18. august.  

Den nye dekanen, Asle Holthe, vil vidare gjennomføre høyringsmøte ved alle tre campusane, der modellen vil bli presentert og diskutert. 

Datoar for høyringsmøta

  • Sogndal: 23. august
  • Stord: 24. august
  • Bergen: 28.–29. august