Høyringsinnspel til funksjonsplanar

Alle svar til høyringa om funksjonsplanar er no samla og systematisert. I alt gav 32 instansar svar til høyringa, som omfatta 10 funksjonsplanar.

Det var prosjektgruppene i delprosjekt P3.3 Administrativ organisasjonsstruktur som utarbeida forslag til planar, ut i frå eksisterande føringar og ein konsulterande prosess.

Parallelt med at gruppene starta arbeidet, skulle strategisk leiargruppe fatte nokre prinsipielle avgjerder som gav føringar for arbeidet med planane. Dette arbeidet tok meir tid enn forventa, og førte også til forseinkingar i arbeidet med funksjonsplanane. 

Forseinkingar i prosessen

– Vi valde å sende planane på høyring, sjølv om vi ikkje hadde fått koordinert materialet, og sjølv om nokre viktige bitar av det overordna biletet mangla, seier prosjektleiar Maria Stene-Jonassen. 

Fleire har også peikt på dette i høyringssvara, og kommentert at det gjer det vanskeleg å trenge inn i materialet. 

– Ein kan sjølvsagt diskutere om vi skulle ha venta litt til, og eg forstår godt at det er utfordrande å sette seg inn i eit så stort materiale. Eg ser at dei som har svart har lagt ned eit stort arbeid, og at dei svara vi har fått er verdifulle for det vidare arbeidet i prosjektgruppene. 

Det er eit stort materiale som er kome inn og blitt sendt vidare til prosjektgruppene. 

– Skulle vi ha venta, ville desse spørsmåla i stor grad ha vore landa. At desse innspela kjem no, gjer at dei går rett inn i dei diskusjonane som går no, understreker ho.

Overordna innspel

Nokre av innspela til høyringa er sendt utanom Questbacken som vart nytta, og ein peiker på at ein saknar moglegheit til å kommentere overordna. Desse innspela er samla i eit eige dokument. 

Det blir også av nokre problematisert at ein saknar ein overordna strategisk diskusjon om kva administrasjonen skal vere.

– Det har imidlertid aldri vore ein del av mandatet til dette prosjektet. Prosjektet skulle levere forslag til korleis HVL kan etablere ein administrativ organisasjonsstruktur, basert på dei føringane som allereie er gitt i eksisterande styrevedtak og i avgjerder tatt i strategisk leiargruppe i haust, presiserer Stene-Jonassen.

– Prosjektet skal etablere nye linjer for HVL, men det er ikkje slik at dette er sluttpunktet. Det er grunnlag for vidare utvikling av den administrative verksemda, som då må skje innanfor desse nye linjene, seier Stene-Jonassen. 

Kva skjer framover?

Prosjektgruppene har no fått tilsendt alle innspela, og arbeider vidare med funksjonsplanane.

Koordinering av planane, stabsressurar til rektor og dekanar, samt å få teikna opp korleis det totale biletet kan sjå ut – både i fellesadministrasjon og i fakultetsadministrasjon – er noko av det som må på plass no framover. 

– Vi ser også på den overordna tidsplanen med tanke på å gi prosessen meir tid, både slik at ein får komplettert planane, og vi vil også prøve å gi organisasjonen moglegeheit til å kommentere på det samla materialet igjen før saka skal til vedtak. 

Ein justert tidsplan for prosessen vidare vil vere klar på nyåret.

Her kan du sjå alle svar til høyringa.