HVL bur seg på meir opning

Torsdag 27. mai går Noreg til trinn 2 i den nasjonale gjenopningsplanen.

– Dette er ei god sak for alle. Signala som no kjem er positive og etterlengta. Vi arbeider no med å sjå nærare på kva dette vil innebere for oss i Høgskulen på Vestlandet, seier rektor Gunnar Yttri.

Han fortel at HVL har hatt ei linje under heile pandemien der ein følgjer opp nasjonale og lokale retningslinjer og råd.

– Den linja følgjer vi også i det vidare. Så tek vi alltid høgde for at ting kan endre seg raskt.

Rektor seier at HVL si krise- og beredskapsgruppe har hatt møte fredag ettermiddag kor dei nye nasjonale tiltaka og trinn 2 i gjenopningsplanen er blitt gjennomgått.

– Dette er gode signal om meir opning og ei gradvis meir normalisering av kvardagen til oss alle.

Det vert til dømes opna for meir fysisk undervising, det vert opna for samlingar med fleire personar og dette med innanlandsreiser er nemnt.

– Dette vil vi som sagt sjå på i dagane som kjem, og komme tilbake med kva dette vil bety for HVL. Mellom anna vil vi sjå nærmare på dette med bruk av heimekontor.

Samstundes vert det understreka kor viktig det er at vi alle følgjer smittervernsreglane.

Allmøte om studiestart

– Med inngang til pinse og ei ny langhelg vil eg få takke alle tilsette og studentar. Eg og leiinga er imponert over måten vi i lag har handtert dette. Det gjer meg stolt at vi har levert godt, ansvarleg og kraftfullt, og ikkje minst at vi stort sett heile tida under pandemien har hatt opne campusar. Det har vore svært verdfullt.

Yttri fortel at det bli lagt opp til allmøte for tilsette og studentar i midten av juni.

– Vi vil då rette blikket framover og informere meir om studiestart og korleis hausten blir for oss som arbeider og studerer ved HVL sine fem campusar.