Ane Gjerland er ein av få i Noreg som forskar på kontorløysingar

Som ein av svært få som forskar på kontorløysingar i Noreg, blei Ane Gjerland (HVL) invitert av Statsbygg til å delta i ei ekspertgruppe om fleksible kontorløysingar. No har dei gitt sine første tilrådingar om korleis arbeidsplassane bør vere i det nye regjeringskvartalet.

Mange tenker kanskje på det tradisjonelle cellekontoret når dei tenker på ordet kontor – men kontorløysingar kan vere forskjellig utforma. Opne landskap er ein variant, og den nyaste varianten er såkalla fleksible kontorlandskap. Her har du ikkje ein fast plass, og du kan velje mellom å sitje i landskap eller i ulike rom når du treng å trekke deg tilbake.

Det er den siste løysinga som er foreslått for det nye regjeringskvartalet. I det høvet bestilte Kommunal- og moderniseringsdepartementet ein ny rapport om kontorutforming og risiko for sjukefråver.

Det finst kun ei kartlegging av forskingsfeltet på kontorløysingar, ei såkalla scoping review, og den kjem frå Høgskulen på Vestlandet. Det var derfor naturleg at HVL-forskar Ane Gjerland blei invitert då Statsbygg i fjor haust sette saman ei ekspertgruppe for å gå gjennom forskingslitteraturen. I vår har gruppa, på vegner av Statsbygg, levert ei samla tilråding til departementet.

Noko høgare risiko

Konklusjonen peikar mot at opne kontorløysingar gir noko høgare risiko for sjukemelding og uførepensjon samanlikna med cellekontor.

Men forskingsfeltet er såpass lite, og metodane som er nytta i den lille forskingslitteraturen som finst, gir ikkje grunnlag for å slå fast nokon eintydeg konklusjon.

Når det gjeld fleksible kontorløysingar, det vil seie opne landskap utan fast plass og med moglegheit for tilbaketrekking, så finst det berre tre studiar som ser på risiko for sjukefråver.

– Under eitt gir desse eit bilete av at det kan vere høgare risiko for sjukefråver også her. Men studiane er så få, og funna deira så sprikande, at kunnskapskvaliteten vert vurdert som «svært avgrensa». Det vil seie at det skal svært lite ny forsking til før konklusjonen eventuelt må skrivast om, seier Gjerland.

Les rapporten her. 

For lite forsking

Kontorforskaren er forundra over kor smalt forskingsfeltet hennar er, når det er så mange som jobbar på kontor:

– Denne forskinga er viktig for alle som jobbar på kontor, og ikkje minst for bedrifter og føretak som har tilsette på kontor. Det gjeld med andre ord veldig mange. Har ein dårlege kontorløysingar som gjer at folk mistrivst eller blir sjuke, så vil det få konsekvensar på samfunnsnivå. Derfor er det ikkje nok med berre seks-sju forskingsstudiar, seier Gjerland.

Strenge kontorkrav i Skandinavia

I Skandinavia er kontorløysingane generelt sett gode, fordi det er strenge krav til korleis arbeidsplassen skal vere utforma. I andre land er det vanlegare med store, opne landskap der tilsette sit tett. Dette betyr at forsking frå andre land ikkje nødvendigvis kan nyttast til å skildre kontorlandskap i Noreg.

– På den andre sida er all forsking som er gjort på kontorkonsept og sjukefråver skandinavisk. Det har visst ikkje vore vanleg å forske på samanhengen mellom arbeidsplassutforming og sjukefråver i England og USA – der mesteparten av kontorforskinga kjem frå, seier Gjerland.

Forskaren meiner at kontorløysingar er komplisert å undersøke forskingsmessig. Dette forklarer kvifor rapporten er såpass kritisk til metodane brukt i forskingsgrunnlaget.

– Det er gjort lite eksperimentelle undersøkingar, noko som hadde vore ideelt med tanke på å utelukke andre faktorar som spelar inn på sjukefråver. Ideelt sett burde ein samanlikne to identiske grupper over tid, seier Gjerland.

I enorm utvikling

Gjerland fortel at forskinga på kontor er i ei enorm utvikling internasjonalt. Ho trur det absolutt er grunn til å håpe på fleire svar i framtida. 

– Vi har ingen studium som ser på fleksible løysingar og uførepensjon, mens når det gjeld opne løysingar så er vi litt meir sikre. Men om vi tar ein ny gjennomgang om 4-5 år, får vi sannsynlegvis ein stødigare konklusjon, seier Gjerland.

Fakta: Rapport frå Statsbygg til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • I ekspertgruppa sit Ane Gjerland frå Høgskulen på Vestlandet (HVL), Stein Knardahl frå STAMI (Statens Arbeidsmiljøinstitutt), Tor Erik Danielsen frå Arbeidstilsynet, Morten Hatling frå Stiftelsen for industriell og teknisk forskning (SINTEF), Liv Hiis Bergh og Hanne Tosterud frå Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), i tillegg til Barbro Grude Eikseth og Stephan Soós frå Statsbygg.
  • Rapporten er delt i tre delar: del 1 handlar om avstand på arbeidsplassen, del 2 handlar om sjukefråver og uførepensjon, og del 3 handlar om smittevern. Delrapport 3 er snart klar.
  • I rapporten nytta ekspertgruppa kvalitetssystemet GRADE for å undersøke evidensgrunnlaget i forskingslitteraturen. I systemet skil ein mellom svært avgrensa, avgrensa, moderat og høg evidenskvalitet. Evidenskvalitet vil seie kor sikker ein er på konklusjonen.
  • Rapporten konkluderer med anten «avgrensa», «svært avgrensa» eller «ikkje grunnlag» for å seie noko om samanhengen mellom kontorutforming og sjukefråver og uførepensjon.
  • Ekspertgruppa gir nokre generelle tilrådingar for korleis eit ope eller fleksibelt kontorlandskap bør vere utforma, men hovudkonklusjonen er at det trengst meir forsking.