HVL-forskarar med viktige bidrag til ny norsk språkhistorie

For første gong er heile den norske språkhistoria samla i eitt verk. Fleire HVL-tilsette har bidratt til storverket.

Norsk språkhistorie er det første samla referanseverket om historia til det norske språket, og består av heile 2500 sider, fordelt på fire bind.

Edit Bugge er førsteamanuensis ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved HVL og ein av forfattarane bak den nye språkhistoria.

- Norsk språkhistorie gir ein statusrapport frå kunnskapen vi har om heile den norske språkhistoria på noverande tidspunkt. Sjølv har eg skrive eitt av kapitla om språkvariasjon, som tar for seg det norske bymålet, fortel Bugge.

Stort samarbeidsprosjekt

Agnete Nesse er ein av to hovudredaktørar bak storverket Norsk språkhistorie. Ho har vore tilsett ved HVL under arbeidet med språkhistoria, men er no professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen.

- Dette er det første samla verket som tar for seg heile den norske språkhistoria. Norsk språkhistorie er eit samarbeidsprosjekt, med heile 38 forfattarar frå universitet og høgskular frå heile landet, seier Nesse.

Frå runer til sms

Arbeidet med språkhistoria har gått for seg i over ti år, og det endelege verket tek for språkhistoria i Noreg, frå dei første runeinnskriftene til dagens elektroniske meldingar.

- Det har vore eit behov for lett tilgjengeleg kunnskap om historia til det norske språket, og det har vi no fått til. Ved å involvere så mange ulike forfattarar, har vi også gitt forskinga på språkhistoria eit dytt framover, seier redaktøren.

Språket på 1800-talet

I tillegg til Nesse og Bugge, har Oddmund Løkensgard Hoel, som er professor ved Institutt for samfunnsvitskap ved HVL, campus Sogndal, mellom anna skrive eit kapittel om 1800-talet i norsk språkhistorie. Her kan du lese meir om Hoel si forsking.