HVL-konferansen: Kva vil det seie å vere eit profesjons- og arbeidsretta universitet?

Universitet og høgskular jobbar for å samarbeide meir og betre med omverda. Vi samlar folk frå akademia, arbeidslivet og politikken for å diskutere korleis dette kan gjerast.

HVL-konferansen går føre seg digitalt 25.-26. oktober, og vil gå i djupna på alle slags problemstillingar som handlar om kontakten mellom arbeidslivet og akademia. Det blir foredrag, samtalar og gruppearbeid som skal hjelpe oss med å få eit betre innblikk i korleis UH-sektoren allereie jobbar med dette, og korleis institusjonane kan ta denne samhandlinga eit hakk vidare.

Sjå programmet til konferansen her

- Samfunnsoppdraget vårt er utvida: universitet og høgskular skal ikkje lenger berre drive med utdanning og forsking, men også bidra til innovasjon og verdiskaping i lag med regionalt samfunnsliv. Då er det avgjerande at vi får dette samspelet til å bli så godt som mogleg, seier Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved HVL.

Næringslivets vurdering av samarbeidet

Denne endringa har komme inn i UH-lova, og er mykje omtalt i ei rekkje styringsdokument frå regjeringa – mellom anna i meldingane om livslang læring og arbeidslivsrelevans i høgare utdanning frå i vår. Signala er tydelege: Frå no av må akademia blir meir utoverretta, fleksibelt og lydhøyrt overfor samfunnet rundt.

Du kan melde deg på konferansen her

Keynote-foredraget blir ved Rune Dahl Fitjar, prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS. UiS har komme langt i å utvikle metodar for livslang læring, mellom anna små modulkurs tilpassa behova i arbeidslivet. Fitjar er sjølv professor i innovasjon og har forska på feltet. Han vil fortelje om ei undersøking der norske bedrifter blei spurde om omfanget av og innhaldet i samhandlinga deira med universiteta. Korleis må vi jobbe for å bli betre? Og kva vil vi med dette samarbeidet? spør han.

Rektorane frå UiA, OsloMet og HVL vil deretter samtale med Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe om det som kom fram i foredraget.

Kva betyr praksis?

- Dei utfordringane vi står overfor er meir omfattande og går raskare enn før. Difor er det så viktig for høgare utdanning å vere tett på. Vi må vere oppdaterte, ikkje utdaterte, seier Resaland.

- Det handlar både om kva vi kan bidra med i samfunnet rundt oss, men også om å gi den best moglege utdanninga. Omverda endrar seg heile tida, og det er den omverda studentane våre skal ut i. Dermed er gode møtepunkt og godt samarbeid avgjerande for studiekvaliteten og kvaliteten på dei kandidatane vi sendar ut i arbeidslivet kvart år.

Praksis blir eit viktig tema under konferansen. Korleis gjennomfører lærarutdanninga praksis i dag, og kva kan andre fagretningar, slik som ingeniørfaga og økonomifaga, lære av dette? Morten Irgens (utviklingsdirektør og dekan for fakultet for økonomi, innovasjon og teknologi ved Høyskolen i Kristiania) vil diskutere dette med Asle Holthe (dekan for Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet).

Den praktiske klokskapen

Studentane kjem til orde i konferansen med sine praksiserfaringar. To studentar som har vore i praksis vil samtale kring erfaringar, moglegheiter og utfordringar – korleis dei hadde det då dei var ute. Kven er praksis viktig for? Irina Pavlova, emneansvarleg for praksisemnet «Arbeidslivsretta sosiologi» ved HVL, vil også vere med i samtalen.

Studentaktive lærings- og undervisningsformer blir eit tema. Dette handlar om å la studentane ta meir eigarskap til eigne læringsprosessar – mindre passiv kunnskapsoverføring og meir aktiv utprøving og utforsking av kunnskap. Torstein Nielsen Hole, seniorrådgivar i HKdir (det nye Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse) blir med i denne diskusjonen.

- Rektor ved HVL Gunnar Yttri har sagt at identiteten til dei nye, arbeidsretta universiteta stiller den praktiske klokskapen i sentrum. Ein kandidat frå oss skal vite å omsette kunnskapen sin i eit breitt spekter av situasjonar – vise god dømekraft. Då er studentaktiv læring avgjerande.

Dag 2 av konferansen internt retta

Dag 2 av HVL-konferansen vil opne opp for diskusjonar mellom folk ved HVL. Bodil Ravneberg (professor ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag) opnar med keynote-foredrag om forskinga på profesjonar og profesjonsomgrepet, og Tom Skauge (instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon) held fram med ein keynote om arbeidsrelevans-omgrepet. Sidan blir det innslag frå fakulteta med eksempel på korleis dei tolkar profesjons- og arbeidslivsomgrepet, og breakout-rooms på Zoom der fakulteta kan diskutere på tvers.

- Vi tenkjer at dette kan vere nok eit steg mot ei felles forståing av kva vi meiner med desse sentrale omgrepa, og av kva slags universitet vi skal bli, seier Knut Steinar Engelsen frå universitetsprosjektet, som har vore med på å planlegge innhaldet av konferansen.