HVL på Arendalsuka
13.-18. august blir årets utgåve av Arendalsuka arrangert, og HVL er godt representert.
- Arendalsuka har utvikla seg til ein arena der politikk, samfunns- og næringsliv møtast. For ein stor utdanningsinstitusjon som HVL, med eit breitt tilbod innanfor profesjonsyrka er det viktig å delta i debatten om betydinga utdanning har for morgondagens samfunn, seier rektor ved HVL, Berit Rokne.
I år skal over 1000 ulike arrangement finne stad på Arendalsuka, og HVL er involvert i fleire av desse.
- Vi ønsker å ha ein tett dialog med politikarar, samfunns- og næringsliv for å kunne tilby relevant utdanning for samfunnet, og Arendalsuka gir oss moglegheit for mange og gode møtepunkt og diskusjonar, seier Rokne.
Torsdag 16. august inviterer HVL til debatten «Matcher høyere utdanning behovene i arbeidslivet?» Sentrale aktørar kjem til Clarion Hotel Tyholmen for å delta i panelet. Frå HVL skal rektor Berit Rokne, styreleiar Arvid Hallén og leiar for Mohnsenteret, Stig-Erik Jakobsen, medverke i debatten.
Fleire arrangement:
- Under Arendalsuka kan du også møte forskarar frå HVL sitt nye Senter for barnehagerelevant forskning – BARNkunne, som har eigen stand i Havnegaten. Her kan du treffe barnehageforskarar som arbeider med tema som til dømes økologisk borgarskap, mat og måltid, språkmangfald og barnehagen som ein lærande organisasjon.
- Senter for omsorgsforskning, Vest deltek på felles stand saman med dei fem andre sentra for omsorgsforsking. I tillegg deltar Tone Elin Mekki og Frode F. Jacobsen i debatten «Morgendagens Omsorgstjenester» på MS Sjøkurs fredag 17.8., klokka 10.30.
- Alrek Helseklynge har eit eige arrangement. Leiar for Omsorgslaboratoriet, Liv Jorunn Solstad, representerer HVL med eigen presentasjon. Rektor Berit Rokne deltek også i panelsamtalen med tema «Alrek helseklynge – fra byggeprosjekt til ny tenkemåte» på seglskipet Statsraad Lehmkuhl, tirsdag 14.8., klokka 14.00.
- På Fafo sitt arrangement «Betre opplæring i Helse, utdanning og energi» er Gunvor Wilhemsen og Carstein Helgesen invitert til å legge fram NFR-prosjektet HVL har innanfor Visjon2030: Sikret utdanning for barn i Tanzania. Synshjelpemidler til skolebarn. Dette skjer på Fafobåten torsdag 16.8., klokka 11.00.
- Professor Geir Kåre Resaland deltar i arrangementet «Klar, ferdig – friskere barn! Mer fysisk aktivitet i skolen, hvorfor er det krevende å få til?». Resaland skal presentere erfaringar og forskingsresultat knytt til fysisk aktivitet i skulen på Strand Cafe onsdag 15.8., klokka 13.00
- Bosse Litsheim er bidragsytar på arrangementet «Muligheter og verdighet i norsk arbeidsliv: Er jobb alltid nøkkelen til integrering?», der han skal presentere JobbLoop – Eit nyskapande inkluderingssamarbeid mellom arbeidsgivar, unge arbeidsøkande og NAV. Arrangementet finn stad på Cafe Lindvedske hus, onsdag 15.8., klokka 8.30.