HVL-professor i ekspertgruppe

HVL-professor Hege Randi Eriksen er plukka ut til å sitte i ei ekspertgruppa som skal vurdere dagens bedriftshelsetenesteordning og gi råd til korleis ordninga bør vidareførast.

Bedriftshelsetenesteordninga har vore eit viktig verkemiddel for å drive førebyggjande arbeidsmiljøarbeid, men ordninga er både omfattande og ressurskrevjande for verksemdene.

No skal ei uavhengig ekspertgruppe gå igjennom og vurdere tenesta, på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet og føreslå korleis den kan sjå ut i framtida.

Skal gi råd om framtidas ordning

Gratulerer! Kva betyr det for deg å få sitte i denne ekspertgruppa?

– Eg synes det er kjekt å få bruke forskarkompetansen min til å vurdere dagens og framtidas bedriftshelsetenesteordning. Det er viktig at vi får ein gjennomgang av denne tenesta, for den har ikkje fungert etter intensjonen, seier Eriksen, som jobbar ved idrettsseksjonen i Bergen.

Ho meiner blant anna at dagens ordning, slik også mandatet antyder, har famna ein for liten del av det norske arbeidslivet.

– Det vi ser er at mange bedrifter i industrinæringa har nytta seg av ordninga som ein viktig del av HMS-arbeidet, mens andre område som servicenæringa og også vi som kunnskapsbedrifter ikkje på same måte har nytta oss av ordninga.

– Det er viktig at framtidas ordning famnar heile arbeidslivet, og det inneber nok at ein må tenke litt annleis om kva denne tenesta skal vere.

Godt overblikk over nordisk arbeidshelse

Kva skal du bidra med i gruppa?

– Eg har arbeidd mykje med sjukefråvær, stressmestring og hatt store prosjekt innan helse i arbeidslivet, og har god oversikt over forskinga som er gjort i Norden på feltet arbeid og helse. Denne kunnskapen vil eg ta med meg inn i gruppa.

Professoren meiner også det er viktig at den nye ordninga tar høgde for dagens arbeidsliv som i mykje større grad enn tidlegare viskar ut grensene mellom arbeid og fritid, fordi vi heile tida kan være pålogga og dermed kan vere på jobb heile døgnet.

Eriksen meiner difor det blir viktig å sjå på den psykososiale sida av arbeidsmiljøet og også tenke førebyggjande tiltak på dette området.

Sluttrapport i 2018

Ekspertgruppa skal vurdere korleis denne ordninga kan utformast i framtida, og komme med ulike forslag til modellar som alternativ til dagens bedriftshelsetenesteordning.

Anbefalingane skal leggast fram innan 1. mai 2018.