HVL satsar på studententreprenørar

30. oktober lanserer HVL ein ny idéportal for studentar. Portalen er del av eit tilbod som legge til rette for ein levande innovasjons- og entreprenørskapskultur blant HVL-studentane.

Som student ved HVL skal du gjennom entreprenørskapssatsinga få hjelp til å vidareutvikle eigne idéar, søke støtte til prosjektutvikling eller få tilbod om å delta på arrangement.  

Tilbodet gjeld for alle studieretningar på alle dei fem campusane. Konseptet, som portalen er ein del av, har fått namnet "HVL Skape".

Sjå nettsida til HVL Skape her!

Mange av utdanningane ved HVL tilbyr innovasjonsemne som ein del av studiet. HVL Skape skal vere eit supplement til den ordinære undervisninga.

Bli med på idékonkurransar!

Rektors idéutfordring

Som ein del av satsinga vil studentane med jamne mellomrom bli utfordra til å bidra i idékonkurransar med attraktive pengepremiar. Aktørane som gir utfordringane kan vere representantar frå næringsliv, klynger eller forskingsmiljø.

Som student kan du bli med i konkurransane gjennom å sende inn din idé via nettsida til HVL Skape.

Den første utfordringa blir gitt av rektoren ved HVL. Berekraft står sentralt i HVL sin strategi, og nettopp difor handlar den første konkurransen om idéar til korleis studentar og tilsette kan bidra til eit meir berekraftig samfunn.

– Vi veit at studentane våre er ein ressurs – med evne til å tenke nytt, og med eit like brennande ønskje om å ta ansvar for vår felles framtid som HVL. Vi ønskjer difor å utfordre dykk til å hjelpe oss til å skape ein meir bærekraftig høgskule, seier Rokne.

Førstepremien i idékonkurransen er på 10 000 kroner.

– Vi har blitt en stor institusjon med over 16 000 studentar og 1600 tilsette. Dette gir oss utfordringar med å halde eit lågt karbonfotavtrykk og fordrar at vi kan ta i bruk nye og betre måtar å tenke undervisning, kommunikasjon, gjenbruk og samferdsel på, utdjupar ho.   

Campusutvikling

nettsida til HVL skape kan du også melde di interesse for å vere med i tverrfaglege studentteam som jobbar med å utvikle idear og prosjekt i fellesskap. Her får du også oversikt over aktivtetane som skjer på din campus.

– Lanseringa av portalen markerer starten. Framover skal vi løfte aktiviteten på campusane våre, seier rektor ved HVL Berit Rokne

Ho legg til at satsinga på innovasjon og entreprenørskap er eit viktig tiltak i arbeidet med å skape attraktive campusar.

Set strategien ut i praksis

– Innovasjon og studententreprenørskap er langt ifrå noko nytt. Men etter at vi dei tre høgskulan på Vestlandet fusjonerte og blei til Høgskulen på Vestlandet, var det behov for å få eit heilskapleg tilbod på alle campusane våre, fortel Rokne.

Mohnsenteret har sidan fusjonen jobba med å utvikle eit felles studententreprenørskapsprogram som omfattar hele HVL, basert på deira erfaring med å utvikle tilsvarande tilbod i Bergen. Leiargruppa ved HVL har bedt Mohnsenteret ta eit fagleg ansvar for å utvikle tilbod på alle campus. Tilsette frå fleire fakultet vil bli involvert i arbeidet med HVL Skape i tida framover.

– Dei fleste av studentane våre utdannar seg til ein profesjon og skal inn i ordinært arbeidsliv i offentleg eller privat sektor. Vi ønskjer å gi dei erfaring med innovasjonsmetodikk og sette dei i stand til å bli endringsagentar anten det er i helsevesen, skule, barnehage eller næringsliv, legg ho til.

HVL Skape er dermed noko meir enn eit tilbod til studentar som ønskjer å starte eiga bedrift.

– Vi ønskjer at studentane skal bli rusta til å vere ansvarlege pådrivarar for nyskaping og berekraft, uansett kva sektor dei skal jobbe i. Aktivtetane i HVL Skape skal støtte oppunder dette arbeidet, avsluttar Rokne.