Instituttstruktur for helse- og sosialfag

Tilsette som høyrar til under det framtidige fakultetet for helse- og sosialfag har no fått tilsendt grunnlagsmateriale for høyring. Innspel til modellane skal skje via høyringsmøte som blir gjennomførte i august.

Mange tilsette har allereie begynt på ferie, og det kan dei trygt halde fram med. Materialet blir sendt ut no slik at dei som framleis er her skal ha høve til å sjå på det, og slik at grunnlaget ligg klart når ein returnerar frå ferien.

Den nye dekanen, Randi Skår, skal i august besøke alle campus og vil her presentere arbeidet med modellane så langt dei er komne.

I høyringsmøta vil det bli gitt presentasjon av dei aktuelle modellane, og argumentasjon i lys av overordna målsettingar og utfordringar for fagmiljøa. 

Sjå notat om fagleg organisering på nivå 3 under fakultet for helse- og sosialfag.

Sjå oversikt over dei ulike modellane for instituttstruktur.

Følgande plan er lagt for høyringsmøta:

  • 9. august: Barnevern, sosialt arbeid og vernepleie, Sogndal
  • 10. august: Sjukepleie/helsefag, Førde
  • 16. august: Ergoterapi, fysioterapi og radiografi, Bergen (Avdelingsmøte AHS same dag)
  • 18. august: Vernepleie og sosialt arbeid, Bergen
  • 23. august: Sjukepleie, Bergen
  • 23. august: Sjukepleie/helsefag, Stord/Haugesund
  • 24. august: Sjukepleie/helsefag, Stord/Haugesund

Les meir om organisasjonsuviklingsarbeidet på www.hvl.no/ou