Kor skal administrative ansvarsområde ligge?
Rektor har no bestemt kor i leiarlinja på prorektor- og direktørnivå ansvaret for internasjonalisering, biblioteket, EVO, sikkerhet og beredskap og Senter for nye medier skal ligge.
Forslaget til plassering er utarbeidd av utvida strategisk leiargruppe og bygger på ein prosess der dei involverte har kome med innspel til ønska plassering.
– Det var viktig for det vidare arbeidet med den administrative organiseringa at vi no fekk avklart kor ansvaret for desse områda skulle ligge, seier rektor Berit Rokne. Ho presiserer at det framleis står att å avklare endeleg organisering av desse tenestene.
Avklaringa gjer det klart kven som får overordna områdeansvar på prorektor/direktørnivå. I denne fasen inneber det blant anna at dei vil leie arbeidet i organisasjonsutviklingsprogrammet på desse tenesteområda.
Slik er plasseringa
Biblioteket blir lagt under prorektor for forsking. Grunngjevinga er at denne plasseringa gjev biblioteket gode vilkår for å utvikle sin funksjon som støttetjeneste for forsking, som er viktig for HVL si målsetjing om å bli universitet.
Etter- og vidareutdanning blir lagt under prorektor for utdanning, som får eit overordna ansvar for eksternfinansiert etter- og vidareutdanning. Det overordna ansvaret for eksternfinansiert FoU-verksemd blir lagt til prorektor for forsking og ansvaret for økonomistyringsfunksjonen blir lagt til direktør for økonomi og arealforvaltning.
Internasjonalisering blir lagt under prorektor for forsking. Grunngjevinga er at denne plasseringa vil kunne bidra til auka internasjonalt forskingssamarbeid, og styrke koplinga mellom forsking og utdanning i internasjonaliseringsarbeidet.
Senter for nye medier blir plassert midlertidig under prorektor for samhandling, i påvente av arbeidet med å vurdere alle HVL sine senterfunksjonar. I grunngjevinga heiter det at senteret skal ha eit institusjonsovergripande perspektiv, og at det på sikt kan vere aktuelt å legge til rette for eit læringssenter som omfattar læringsteknologi, medieproduksjon og pedagogikk.
Sikkerhet og beredskap blir lagt under organisasjonsdirektør. Grunngjevinga er at organisasjonsdirektør har eit overordna ansvar for HMS og at dette også inkluderer koordinerande ansvar for informasjonssikkerhet.
Førsteline- og servicefunksjonar er ikkje endeleg plasserte og blir føreslått å ikkje ligge under ein funksjon. Organiseringa skal følgjast opp i det vidare prosjektarbeidet, og organisering og plassering i leiarlinja skal kome fram i utarbeiding av funksjonsplanar for den administrative verksemda.
Sjå dokumentet med heile grunngjevinga for plassering av dei ulike ansvarsområda som rektor no har godkjent.
Kva skjer vidare?
No når leiarnivået for dei administrative ansvarsområda er avklart fortset prosessen med å finne ut korleis administrasjonen skal organiserast ved HVL.
Les om prosjektgruppene som er etablert og korleis dei skal jobbe framover.
Les meir om prosjektet P3.3. Administrativ organisasjonsstruktur.