Koronasituasjonen og HVL

Regjeringa har kome med nye tiltak og tilrådingar kring koronasituasjonen. HVL vil frå og med måndag 19. april i hovudsak følgje timeplanen for undervisning. Det blir då opna for noko meir fysisk undervisning i mindre studentgrupper.

Tilrådinga frå Regjeringa er framleis bruk av digital undervisning. Samstundes opnar Regjeringa for at ein kan gjennomføre meir fysisk undervisning i mindre studentgrupper.

Det betyr at HVL frå og med måndag 19. april i hovudsak følgjer timeplanen som er lagt, og vil ha både digital undervisning og undervisning på campusane i mindre grupper i tida framover.

All praksis vert gjennomført som planlagt.

Studentar og tilsette vil få nærmare informasjon i Canvas og hos leiarane sine.

Dette gjeld ved HVL:

  • Alle campusar er opne for studentar og tilsette.
  • Undervisning som kan gjennomførast digitalt skal i hovudsak vere digital.
  • Det kan gjennomførast fysisk undervisning og anna læringsaktivitet på campus i mindre studentgrupper.
  • Alle planlagte arrangement skal vere digitale, og større førelesingar og samankomstar skal unngås.
  • Samlingsbaserte utdanningar med tilreisande studentar vil som hovudregel ikkje ha fysiske samlingar i vårsemesteret.
  • Det skal som hovudregel ikkje planleggast for å gjennomføre fysiske møte på campus i tida framover.
  • HVL oppmodar HVL-tilsette om å:
    • arbeide heimefrå dersom ein har mogelegheit til det,
    • avgrense jobbreiseaktivitet innanlands, inkludert mellom campusar, til reiser som vert vurdert som strengt nødvendige.