Koronasituasjonen og HVL
Regjeringa har kome med nye tiltak og tilrådingar kring koronasituasjonen. HVL vil frå måndag 25. januar opne for noko meir fysisk undervisning i mindre studentgrupper.
Do you prefer to read this article in English?
– Tilrådinga frå Regjeringa er framleis bruk av digital undervisning der dette er mogeleg og at større førelesingar og samankomstar bør unngåast.
– Samstundes opnar Regjeringa for at me kan gi noko meir fysisk undervisning i mindre studentgrupper i område med låg smitte, seier rektor Gunnar Yttri.
Timeplanen gjeld
– Alle campusane våre ligg i område kor det no er låge smittetal. Me vil frå måndag 25. januar opna opp for meir undervising på campusane våre. Me vil følgje timeplanen som er lagt.
– Fakulteta våre har gjort gode avklaringar dei siste dagane. Me har ei god oversikt på kor mange studentar som no vil kunne få undervising på campusane våre i mindre grupper.
– Me ser at det er handterbart innanfor dei gjeldande retningslinjene for smittevern.
– Til no i januar har me hatt noko aktivitet på campusane med ferdigheitstrening, simulering og laboratorieøvingar. Det opplever me har gått bra.
– Me ser difor fram til å få fleire av studentane våre tilbake, og me skal gjere vårt for å ta ekstra godt vare på dei.
Gradvis og forsiktig
Yttri understrekar at digital undervising framleis er hovudlinja i høgskulen, men fleire vil no få ein kombinasjon av fysisk og digital undervising.
– Me tar dette gradvis og forsiktig, og me gjer oss erfaringar. Så må me tilpassa oss undervegs.
– Studentar og tilsette vil få nærmare informasjon i Canvas og hos leiarane sine.
Digitale alternativ for samlingsbaserte utdanningar
Yttri seier at samlingsbaserte utdanningar, kor mange studentar er tilreisande, ikkje vil bli gjennomført fysisk i veke 4 og 5, til og med sundag 7. februar. Her vil det blir lagt opp til digitale løysingar. Dette for å unngå reiser.
Forøvrig gjeld dette i HVL:
- Campusane er opne. Bibliotek, lesesalar og grupperom er tilgjengelig for dei som har behov for dette.
- All praksis vert gjennomført som planlagt.
- HVL tilrår heimekontor for dei som har mogelegheit til det.
- Planlagde arrangement, konferansar og møter skal vere digitale.
- HVL oppmodar tilsette til å avgrense sin jobbreiseaktivitet innanlands, inkludert mellom campusar, til reiser som vert vurdert som strengt nødvendige.
- HVL oppmodar om at det ikkje vert planlagt for å gjennomføre fysiske møte på campus i tida framover.
Aktuelle saker om pandemien ved HVL
- Vidarefører avstandskrav i undervising i Bergen, 9.9.21
- Innfører avstandskrav i undervisinga i Bergen, 30.8.21
- HVL forsterkar smittevernet, 12.8.21
- Koronasituasjonen og studiestart, 5.8.21
- Gjer klart for god studiestart, 2.7.21
- Koronasituasjonen og HVL, 28.5.21
- HVL bur seg på meir opning, 21.5.21
- Studentar ved campus Bergen bekrefta smitta, 6.5.21
- Koronasituasjonen og HVL, 14.4.21
- Digital undervising heile komande veke, 9.4.21
- Studentar bekrefta smitta, 25.3.21
- Innfører nye koronatiltak, 24.3.21
- Campus i Haugesund stenger, 16.3.21
- Koronasituasjonen ved campus Stord, 16.3.21
- Koronasituasjonen i Haugesund, 10.3.21
- Campus Bergen opnar igjen, 19.2.21
- Opnar opp igjen for studentpraksis i Bergen, 12.2.21
- Jobbar med løysing for praksis ved campus Bergen, 11.2.21
- Koronasituasjonen i Bergen: Praksis i utdanningene, 8.2.21
- Informasjon om koronasituasjonen ved HVL campus Bergen, 7.2.2021
- Status koronasituasjonen HVL Førde, 27.1.21
- Studentar bekrefta smitta med covid-19 i Førde, 26.1.21
- Koronasituasjonen og HVL, 19.1.21
- Vidarefører covid-19-tiltak, 14.1.21
- Koronasituasjonen ved HVL, 6.1.21
- Inga fysisk undervisning på campus for studentar før 19. januar, 3.1.21
- Oppdatering på koronasituasjonen, 24.11.20
- Nye koronatiltak ved HVL, 6.11.20
- – Nå er situasjonen alvorlig, 5.11.20
- Trygg eksamensavvikling ved HVL, 30.10.20
- Koronasituasjonen og HVL, 28.10.20
- Tilbake til fysisk og digital undervisning ved campus Bergen, 29.9.20
- Viderefører Covid19-tiltak ved campus Bergen, 22.9.20
- Covid 19-situasjonen: Forlenger tiltak ved campus Bergen, 16.9.20
- Avlyser fysisk undervisning ved campus Bergen, 8.9.20
- Bergen kommune oppfordrer til selvpålagt karantene, 31.8.20
- Studenter bekreftet smittet med covid-19, 21.8.20