Lærer nye metodar som gjesteforskar i Canada

Stipendiat Thomas Potrebny deltek i ei forskargruppe som leverer kunnskap til Verdas helseorganisasjon og andre sentrale helseaktørar.

«Gaming disorder», eller speleavhengigheit, er namnet på ein tilstand – eller ein type sjukdom – som høyrer til vår moderne tid. Det handlar om folk som overdriv tidsbruk på dataspel, og isolerer seg som ei følgje av dette.

Dette er ein av to sjukdommar som stipendiaten frå HVL har sett på dei siste månadene under forskaropphaldet sitt ved Li Ka Shing Knowledge Institute i Toronto. Oppgåva har vore å samle og systematisere all kunnskap som finst om dette emnet til no, på oppdrag frå Verdas helseorganisasjon.

- WHO er spesielt interessert i veksande utfordringar knytt til tida vi lever i, som til dømes overdriven skjermbruk og speling. Dette er problem vi så langt ikkje veit så mykje om, men som vi er sikre på at er omfattande, seier Potrebny.

Løfte blikket til folkehelse

Til dagleg er han stipendiat ved Senter for kunnskapsbasert praksis ved HVL, og forskar spesielt på ungdomshelse. Han er utdanna sjukepleiar, men har no teke steget mot å sjå på makroperspektiv innanfor helse. Potrebny interesserer seg for å studere forhold på befolkningsnivå.

- Eg vil at forskinga mi i framtida skal bli nyttig for sluttbrukarar og dei som tek viktige avgjerder innanfor helse, slik som helsedirektoratet og folkehelseinstituttet. Då er kunnskapsoppsummering ein sentral metode eg treng å meistre, seier Potrebny.

Ideen om å ta eit gjesteforskaropphald i Canada kom gjennom møtet med ein canadisk kollega ved senteret der han jobbar, professor Donna Ciliska. Ho hadde kontaktar ved University of Toronto og hjelpte Potrebny med søknadsprosessen, som var omfattande. No er han svært glad for å ha fått denne sjansen.

- Canada og Nord-Amerika generelt er langt framme på feltet kunnskapsoppsummering, og vi i Noreg har mykje å lære av forskarar der. Gjennom å få jobbe med spesialistar på dette feltet, får eg innsikt i ein metode som vil prege all forskinga mi i tida framover – og eg får bygd opp eit internasjonalt nettverk, seier Potrebny.

Grunnlag for gode avgjerder

Metoden han lærer er relevant for feltet ungdomshelse, som Potrebny spesialiserer seg i. Kunnskapsoppsummering av sjukdommar er ein svært omfattande prosess, som tek årevis dersom det skal gjerast i djupna. Men av og til er det også relevant å lage raske og meir overflatiske oppsummeringar – det kallast «rapid review» - særleg når styresmakter eller organisasjonar treng å ta raske avgjerder på eit felt.

Prosessen går ut på å samle forskingsartiklar om eit bestemt tema – ofte dreier det seg om eit tusentals artiklar. Bibliotekarar og datakyndige er med for å samle det som er tilgjengeleg. Deretter skal artiklane lesast og vurderast etter kvalitet av ei gruppe forskarar, som jobbar parallelt og diskuterer materialet undervegs. Dei nyttar avanserte statistiske verktøy og metaanalyse for å komme til ein konklusjon om kvaliteten på forskinga. Deretter lagar dei ein oppsummering, til bruk for politikarar, helseinstitusjonar og andre.

- Kunnskapsoppsummeringa fungerer som eit slags filter for dei som treng informasjonen, men ikkje har tid, føresetnader eller kapasitet til å pløye gjennom jungelen av utførlege og tungt leselege forskingsartiklar. På eit vis kan du seie at vi omset forskinga til ei form som gjer kunnskapen meir tilgjengeleg, slik at folk kan ta gode avgjerder basert på forsking, seier Potrebny.

Etter opphaldet i Canada vil han vere rusta med langt fleire systematiske metodar for å drive kunnskapsoppsummering, noko han kjem til å ta med seg i den vidare forskinga si. 

Involvere dei som er råka

I tillegg til å lære metodar for systematisk kunnskapsoppsummering, har Potrebny også lært mykje om brukarinvolvering – eit felt som også har fått stor tyngde i Canada. Forskarar innan helse prioriterer høgt det å ha med seg brukarar med direkte kjennskap til sjukdommane.

- No er eg med på eit prosjekt der vi ser på Meniers sjukdom – ein tilstand prega av periodevise anfall med øyresus, svimring og kvalme. Der har vi med oss fem personar som representerer pasientar og brukarorganisasjonar.  Desse har ei viktig stemme i forskinga, fortel Potrebny. 

Han tilrår sterkt at alle stipendiatar som har høve til det, sikrar seg eit forskingsopphald i utlandet. For han sjølv har det bidrege til læring av nye metodar, og inspirasjon frå internasjonale forskarar som kjem til å prege han og karrieren hans.

- Det er viktig å oppsøke miljø som er leiande innanfor det feltet du forskar på. Då har du eit stort konkurransefortrinn. Eg er svært takksam overfor kollegaene mine på Senter for kunnskapsbasert praksis og Forskerskolen for de kommunale helse- og omsorgstjenestene (MUNI-HEALTH-CARE), som hjelpte meg til å få denne sjansen, seier han.