Maritimt senter får millionstøtte til å bygge opp kunnskap til det grøne skiftet

Etter innspel frå arbeidslivet, satsar senteret MarCATCH på å bygge opp kunnskap innan tryggleikskultur knytt til grøn omstilling - og får ni millionar frå Ulla-Førrefondet til å komme i gang.

- I samarbeid med samfunnet rundt oss, har vi analysert kva som trengs no på Haugalandet. No gjer vi det vi ser må til for å hjelpe til med å dekke kompetansegapet innan det grøne skiftet - konkret, knytt til tryggleik innan grøne løysingar, seier senterleiar Liv Reidun Grimstvedt.

Ho er svært glad for støtta frå Ulla-Førrefondet, som gjer at planane til det maritime senteret «Maritime Competence and Test Cluster Haugesund» (MarCATCH) no er moglege å gjennomføre. Konkret skal pengane gå til å hyre inn ein professor på tryggleik og tryggleikskultur og tre industrispesialistar, dei siste i tjue prosent. Desse vil også bli knytt til tre stipendiatar. Å formelt tilsette folk frå industrien med solid erfaringskunnskap, er eit nokså nytt grep i høgskulen, og det skal styrke HVL i arbeidet til å bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet.

Arbeidslivsretting: ein spesiell type kunnskap

- Denne måten å jobbe på er noko av det som skal særmerke oss som universitet. Vi skal hente ut ein type kunnskap som er spesiell, fordi den blir utvikla i samarbeid mellom akademikarar og folk frå arbeidslivet, seier Torbjørn Heyerdahl, dekan ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.

- Eg er veldig glad i det danske ordet «rommelegheit». I vår måte å jobbe på som utdanningsinstitusjon, skal det vere rom for mange ulike tankemåtar. Vi skal til dømes romme den meir anvendte kunnskapen, noko vi i høg grad vil gjere i det maritime senteret MarCATCH.

Grøn skipsfart, sikker skipsfart og digitalisering er fagfelta senteret dekker. Tryggleik kjem til å bli ein overordna paraply for det fagfolka skal jobbe med. Den nye kunnskapen dei bygger opp, skal også brukast til å lage nye utdanningar. Senteret skal ha eit særleg fokus på nye energiformer, og korleis jobbe med tryggleik knytt til dei, særleg havvind, hydrogen og batteri.

Lytta til behova i arbeidslivet

Dette handlar om å bygge kompetanse på tryggleikskultur som er nødvendig i arbeidet med grøn energiomstilling og digital tryggleik. Autonom skipsfart, batteriteknologi, handtering av hydrogen som energiberar i maritime operasjonar og tryggleik i handtering av skip knytta til havvindsatsinga i regionen, er sentrale stikkord i arbeidet. Det er mykje vi ikkje veit kring konsekvensane av nye energiformer, ikkje minst rundt tryggleiksproblematikk.

- Eit sentralt mål for oss er å kjenne regionen vår godt, lytte til behova og lage utdanningar som dekker kompetansegapet, seier Grimstvedt.

Denne måten å jobbe på er noko av det som skal særmerke oss som universitet.

Torbjørn S. Heyerdahl

Ideen til innhaldet i senteret kom i stand gjennom samtalar med viktige samarbeidspartar for HVL. Innspel kom gjennom Kompetanseforum Nord-Rogaland, som samlar alle rådmenn og ordførarar i Rogaland og klynge- og næringsorganisasjonane. Dessutan også gjennom campusutviklingsprosjektet i Haugesund, som samla mange forskjellige samfunnsaktørar både frå næringslivet og det offentlege. Nærings- og innovasjonsstrategien til Rogaland har også vore eit viktig utgangspunkt, saman med Veikart for næringsutvikling på Haugalandet.

Møtepunkt mellom ulike fagretningar

- Eg tenkjer at dette kjem til å bli viktig for Haugalandet og for HVL. Gjennom slike felles møtepunkt mellom akademia og arbeidsliv, og mellom ulike fagretningar, formar vi ein ny identitet som arbeids- og profesjonsretta universitet, seier Heyerdahl.

Senteret vil dekkje fagretningar frå både Fakultet for ingeniør- og naturfag og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Dei skal ha inn stipendiat frå tre institutt: ingeniør, økonomi og administrasjon og maritime fag.

- Vi bygger på sterke tradisjonar i Haugesund gjennom dette arbeidet – historia med Sikkerhetshøyskolen og den Maritime høyskolen. Slik styrkar vi også identiten vår, både på campusnivå og overordna for HVL, meier Grimstvedt.