Med volleyball som lidenskap

Mathias, Håvard og Øystein spelar i eliteserien i volleyball, men ville også gjerne ta høgare utdanning. I Førde kunne dei gjere begge delar.

Mathias er førsteårsstudent på ingeniørstudiet i energi, elkraft og miljø, medan Håvard og Øystein studerer bygg- og anleggsingeniør. Det nærmar seg eksamensperiode for dei tre ingeniørstudentane, men akkurat no må dei også ha fullt fokus på den komande semifinalen i sluttspelet i eliteserien.

Tilrettelegging for toppidrettsutøvarar

Etter eit par år som profesjonell volleyballspelar i utlandet, signerte Mathias Loftesnes for eliteserieklubben Førde. Han oppdaga at høgskulen hadde tilbod om tilrettelagde studium for toppidrettsutøvarar, og då var valet enkelt.

- Skulen har vore flink til å tilretteleggje for at eg spelar volleyball. Kolliderer prøver eller eksamensdatoar med volleyballkampar og samlingar, så finn skulen løysingar for at eg kan få tatt det på andre datoar. Takka vere tilrettelegginga vil eg kunne fullføre utdanninga mi på normert tid.

Struktur i kvardagen

Med 10-12 treningsøkter i veka i tillegg til kampar, forelesingar, gruppearbeid og eksamenslesing, blir du tvinga til å strukturere dagane.

- Ein vanleg kvardag byrjar klokka åtte, og då er det rett på skulen. På skulen sit eg fram til rundt klokka fire. Så er det heim, lage ein god middag og kanskje få ein time på sofaen før trening. Dagane går veldig i eitt sidan me har ein til to treningar kvar dag. Eg likar å bli ferdig med alt skulearbeidet når eg er på skulen, slik at eg kun kan fokusere på volleyball når eg reiser frå skulen.

Ja takk, begge delar

Det kan vere krevjande å gjere dei rette prioriteringane i periodar med arbeidstoppar både i idretten og på skulen, og tilrettelegginga frå skulen har vore avgjerande.

- Det er veldig godt å få avkopling frå skulearbeidet med trening på kveldstid. Og det same i periodar med mykje volleyball. Då er det godt å komme seg på skulen med heilt andre ting å fokusere på, og å få sjå andre fjes, smiler Mathias.