Presenterte norske forskingsresultat kring ungdomsmobilitet i Europa

Korleis kan ein sikre at ungdomsmobilitet i Europa verkar positivt, både for den mobile og for samfunnsutviklinga? I slutten av februar arrangerte den norske forskargruppa i det internasjonale MOVE-prosjektet konferanse om ungdomsmobilitet.

MOVE er eit internasjonalt forskingsprosjekt som handlar om ungdomsmobilitet i Europa og har fått støtte frå EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020. Forskarar frå seks europeiske land (Luxembourg, Noreg, Romania, Spania, Tyskland og Ungarn) har i tre år jobba med mobile ungdom i alder 18-29 år, med eit overordna mål om å betre situasjonen for ungdom som ønskje å krysse landegrensene for å finne jobb, læreplass, studere, drive frivillig arbeid eller starte forretningar. Ei av hovudproblemstillingane for prosjektet er korleis kan ein sikre at ungdomsmobilitet i Europa verkar positivt, både for den mobile og for samfunnsutviklinga.

Den norske forskargruppa i MOVE består av prosjektleiar Jan Skrobanek og forskarar Tuba Ardic, Irina Pavlova og Roger Hestholm ved campus Sogndal. Desse presenterte resultat frå Noreg kring internasjonalisering i utdanning og arbeid basert på kvantitave undersøkingar og intervju med norsk ungdom som har valt å reise utanlands, og europeisk ungdom som har kome til Noreg.

Over 50 deltakarar tok del i arrangementet, og campus Sogndal fekk besøk frå regionale, nasjonale og internasjonale gjestar. Fylkesmann i Sogn og Fjordane Anne Karin Hamre, prorektor ved HVL Bjørg Kristin Selvik og EUs ambassadør til Norge, Thierry Béchet, held opningstalar i samband med konferansen. HVL studentar på sosiologistudiet i Sogndal og elever frå Røde Kors United World College i Dale var aktive deltakarar og laga ei utstilling om mobilitet under ein felles verkstad dagen før konferansen.

Sosiologistudentar ved campus Sogndal og elever frå Røde Kors United World College i Dale laga ei utstilling om mobilitet under ein felles verkstad dagen før konferansen. Biletet viser sosiologistudentar ved campus Sogndal saman med MOVE-forskarane Roger Hestholm, Tuba Ardic, Irina Pavlova og Jan Skrobanek.

I siste delen av konferansen arrangerte MOVE-forskarane ein rundeborddiskusjon med tittelen «MOVE ON» med representantar frå offentleg og privat sektor, samt tilsette og studentar ved HVL. Deltakarane diskuterte kva som kan fremje eller hindre fordelaktig mobilitet, og om internasjonal mobilitet er noko som er ønskjeleg for alle. Kristine Kopperud Timberlid frå Innovasjon Noreg, Stig Helge Pedersen frå SIU, Zuzana Nordeng frå Vestlandsforsking og Sara Christine Jonsborg frå NAV haldt korte innlegg og reflekterte kring utfordringar og moglegheiter med internasjonalisering på regionalt og nasjonalt nivå.

Campus Sogndal fekk besøk frå regionale, nasjonale og internasjonale gjestar: f.v. prorektor for utdanning ved HVL Bjørg Kristin Selvik, MOVE-forskar Roger Hesholm, Fylkesmann i Sogn og Fjordane Anne Karin Hamre, EUs ambassadør til Noreg Thierry Béchet og MOVE-forskar Tuba Ardic.

I mars reiser MOVE-forskarane frå HVL til Luxembourg for å delta på den avsluttande konferansen av prosjektet. Sjølv om prosjektet er i sin sluttfase no, vil forskarane halde fram med mobilitetsforsking, mellom anna ved å etablere forskargruppa Internasjonal Mobilitet Noreg (IMN). IMN fokuserer på studiar av internasjonal mobilitet, og spesielt geografisk ungdomsmobilitet i samanheng med utdaning, arbeid, frivillig arbeid og turisme gjennom ei tverrfagleg tilnærming.