Sjå nettmøtet med rektor

På nettmøtet fekk vi mellom anna svar på om rektor har bestemt seg for korleis ho vil HVL skal sjå ut, om det er fare for at nokon mister jobben, og om alle vil vere innplasserte til 1.1.2018.

Rektor og OU-leder Wiggo Hustad blei intervjua om utviklinga av HVL av Elin Hovda Hageberg, og svarte også på spørsmål som blei sendt inn undervegs.

Gjekk du glipp av møtet? Sjå det her.

Sida for ofte stilte spørsmål (FAQ) vil også bli oppdatert no i etterkant.

Viktige datoar å merke seg

Fagleg organisering

  • Juni: Høyring om modeller for instituttstruktur på fakultetet for lærarutdanningan, idrett og kulturfag
  • 15. juni: Namn på fakulteta blir vedteke i styremøtet
  • August: Høyring om instituttstruktur ved dei resterende fakulteta
  • September: Vedtak om instituttstruktur i styremøtet

Administrativ organisering

  • 31. oktober: Ferdigstilling av arbeidet med å kartlegge og skildre administrative arbeidsprosessar.
  • 30. november: Funksjons- og bemanningsplan skal vere ferdig utarbeidd. Planen danner grunnlaget for å innplassere administrativt tilsette i stillingar.

Slik får du informasjon

Synest du det er vanskeleg å følge med på kva som skjer? Meld deg på vekebrevet frå OU-programmet! Du finn påmelding for dette på hvl.no/ou

OU-sidene gir også ei kort status for kva som skjer i dei ulike prosjekta, med lenker vidare til ein status for dei enkelte prosjekta. Det er informasjon frå desse sidene du kan abonnere på i vekebrevet.

I tillegg rår ein alle til å bruke sin nærmaste leiar eller sine tillitsvalde, dersom ein er usikker på kva som skjer i eiget arbeidsforhold.

Spørsmål som blei tatt opp i møtet

Sendinga startar ca 3.55.

  • Har rektor bestemt seg for korleis ho vil HVL skal sjå ut? 4.40
  • Kva er rektor særleg oppteken av i denne prosessen? 7.15
  • Kan nokon miste jobben sin som følge av fusjonen? 8.30
  • Innsendt spørsmål: Kan ein miste jobben som følge av digitaliseringsprosessen? 10.35 
  • Kva er rollen til programleder for OU-programmet? 11.35
  • Kven er det som bestemmer korleis den nye organisasjonen skal sjå ut? 14.00
  • Kva er rolla til prosjektleiarane? 14.40 
  • Kva makt har prosjektleiarane? 16.05
  • Innsendt spørsmål: Korleis blir likestilling og mangfald ivaretatt i denne prosessen? 17.40
  • Generelt om prosessar - kva er gode og dårlege prosessar: 21.00
  • På kva måte legg ein opp til involvering i prosjekta? 26.50
  • Kva skjer akkurat no i prosjekta, heilt konkret? 28.50

Bolk med innsendte spørsmål (ca 30.45)

  • Korleis vil de sikre gode og godt forankra prosessar, når ting skal skje så fort. Er det mogleg? 31.00
  • Korleis vurderer Wiggo status i digitaliseringsprosjektet i høve til mandat og framdrift? 34.40
  • Kven overtar arbeidet med digitalisering når prosjektet er ferdig? 37.38
  • (Generelt om kven overtek prosessane når prosjekta er ferdig: 41.00)
  • Vil vi vere ferdig innplassert i ei (ev. ny) stilling innan 1.1.2018? 42.50

20 minutt igjen - temaskifte (ca 45.00)

  • Veit vi kva fag som skal ligge under kva fakultet? ca. 46
  • Kven er det som leiar prosessane med instituttstrukturen? 48.00
  • Kva gjer du om du er ansatt på eit institutt og synest at du ikkje har hørt nokon ting om desse prosessane? 52.30
  • Kor tid blir det avgjort kva funksjoner som skal liggje til dei nye prorektorane og dei nye direktørane? 54.50 
  • Kven bestemmer om ein ikkje blir einige? 56.20
  • Korleis skal dei tilsette forholde seg til dei nye prorektorane og prodekanane i overgangsfasen før ny organisasjon er på plass? 58.50
  • Er det uavklart kor tid ein er i mål med alt? 1.00.30 
  • Avrunding 1.02.15