No er alle fem campusar Miljøfyrtårn-sertifiserte

Campus Bergen er endeleg blitt Miljøfyrtårn-sertifisert. Det betyr at alle campusane til HVL no har ein plan for å tilfredsstille 70 ulike kriterium for grøn omstilling og miljøleiing.

Stadig fleire forventar at verksemdene dei nyttar, eller jobbar for, er berekraftige. Derfor har det vore eit strategisk viktig arbeid for HVL å få alle dei fem campusane Miljøfyrtårn-sertifiserte. Klima- og berekraftskoordinator Siri Smith ved HVL har no saman med kollegaar sørga for at vi har sertifiseringa i orden også i Bergen.

– Bergen er den største campusen, og berekraft er ein av hovudverdiane i strategien vår, så det er viktig at vi «ryddar i eige hus» og fekk dette på plass, seier Smith.

70 kriterium

Ho fortel at Miljøfyrtårn-sertifiseringa først og fremst er eit verktøy for å hjelpe bedrifter og organisasjonar med eigen omstilling og miljøleiing. Sertifiseringa inneber at vi skal levere ein plan på korleis tilfredsstille over 70 kriterium som handlar om:

  • Arbeidsmiljø
  • Avfallshandtering
  • Energibruk
  • Innkjøp
  • Transport
  • Laboratorium-verksemd
  • Bibliotekdrifta
  • Idrettsanlegg

Eige prosjekt på våre leverandørar

Campusane på Stord og i Haugesund blei sertifiserte i 2011. Deretter følgde Førde i 2012 og Sogndal i 2013. Smith har tatt i bruk arbeidet som vart lagt ned ved desse studiestadane då ho skulle setje i gong med å få sertifisering i Bergen.

Det er no sette i gong eit eige prosjekt ved HVL for å kartlegge korleis våre leverandørar leverer på klima, miljø, sosial berekraft, etikk med meir.  

– Her trur vi det er mykje å hente. Fleire større verksemder har begynt å setje slike krav til sine leverandørar. Dette prosjektet viser at Miljøfyrtårnsertifiseringa skapar miljøeffekt langt utover HVL sine grenser, seier Smith.

700x300 Siri Smith.jpg

Ambisiøse mål

Kvar sertifiseringsperiode varer i tre år. Derfor forpliktar dette HVL til å ha god vekt på klima og berekraft framover. Smith fortel om ambisiøse mål for heile høgskulen:

– Målet er nullutslepp, og dette arbeidet startar for fullt ved HVL no. Her må alle bidra, både studentar og tilsette, for at vi skal bli betre og saman kunne setje ambisiøse mål framover, seier Smith.