Ny IT-utdanning til Sogn og Fjordane

Hausten 2017 startar eit nytt bachelor-studium innan IT i Førde, etter arbeidslivet i fylket lenge har etterlyst personar med denne typen kompetanse.

- Å realisere eit studium vi har jobba med å få på plass i fleire år, er ei stor glede, seier prorektor Rasmus Stokke frå Høgskulen på Vestlandet.

Styret for HVL har vedteke å fordele 10 av 40 nye IT-studieplassar til fylket, men høgskulen håpar på å kunne finansiere så mange som tjue plassar ved hjelp av gode samarbeidspartar i næringslivet og det offentlege.

Attraktive kandidatar

Behovet for ei IT-utdanning har vore innlysande lenge. Arbeidslivet i fylket har gitt tydeleg signal om det, og i 2014 gjennomførte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ei kartlegging som viste det store behovet for IT-kompetanse. Inntil no har næringslivet vore avhengig av å importere denne typen arbeidskraft utanfrå, noko som ikkje alltid har vore så lett.

- Berre innan banknæringa ser vi at teknologiområdet er det som veks aller raskast. Utviklinga innan dette feltet er rivande og påverkar oss alle, uansett bransje, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga har gitt ein million til opprettinga av studiet, INU har gitt 750.000 kroner og Innovasjon Norge nærare to millionar kroner. Støtta kring den nye utdanninga har vore stor, nettopp fordi så mange har sett behovet. Næringslivet i fylket vil vere ein tett samarbeidspart også når det gjeld innhaldet i studiet, og IT-studentane kan rekne med å få god kontakt med bedriftene undervegs i studiet.

God basis i datafag

- Partar frå næringslivet vil bidra som førelesarar, og under skrivinga av bacheloroppgåva det siste året kan studentane velje å ta heile siste semesteret ved ei bedrift, sa Joar Sande, høgskulelektor innan ingeniør- og teknologifag ved HVL.

Han leiar komiteen som jobbar med studieplanen for den nye utdanninga. Studentane vil få mykje praksis, og det blir også eit semester med utveksling, der det er høve til å studere IT i eit anna land – til dømes India, der IT-sektoren har komme svært langt. Planen er også at studiet kan følgjast på nett, for dei som har behov for det.

I løpet av mars er det høve til å søke på studiet

Samspel mellom mange partar

IT-utdanninga har vore i støypeskeia lenge, men høgskulefusjonen gjorde at planane skaut fart, og utdanninga kjem på plass eit år tidlegare enn venta. Vestlandsforsking har arbeidd i 2,5 år med å lage eit grunnlag for utdanninga, på oppdrag frå IT-forum Sogn og Fjordane. Forumet er sett saman av ei rekkje offentlege og private aktørar, og har sidan 1995 jobba med å sikre IT-kompetanse i Sogn og Fjordane. Prorektor Rasmus Stokke framhevar også det gode samarbeidet med IT-utdanninga i Bergen.

- Koplinga med det IT-faglege miljøet der er avgjerande. Studieplanen deira har vore grunnlag for utforminga av studiet i Sogn og Fjordane, seier Stokke.

Høgskulen på Vestlandet fekk tildelt 40 nye IT-studieplassar på statsbudsjettet i fjor. Sidan grunnlaget for ei ny utdanning alt hadde vore lagt gjennom nærare tre års arbeid i Sogn og Fjordane, var HVL-styret klar for å tildele ti av desse plassane til fylket.

- Dette er storveges – og det viser at når vi har eit felles mål, klarer vi å nå det saman, seier Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann og leiar for IT-forum.