Master i innovasjon og entreprenørskap på eigne bein
HVL satsar på studentgründarane med masterstudiet i innovasjon og entreprenørskap som nyleg fekk akkreditering av NOKUT.
Masteren blir ei vidareføring av masterprogrammet i innovasjon og entreprenørskap som HVL tidlegare har hatt i samarbeid med UiO.
No skal HVL drive masterprogrammet for eiga maskin. Dette er resultat av eit langsiktig arbeid med å bygge opp forskingsmiljøet på fagområdet ved høgskulen.
– Med nok ressursar og kompetanse er det naturleg at vi vi driftar masterutdanninga sjølv. På denne måten har vi også meir kontroll og kan vidareutvikle studiet i tråd med behova rundt oss.
Det fortel førsteamanuensis Inger Beate Pettersen som har vore sentral i arbeidet med å få studiet akkreditert. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved HVL fekk i 2018 ansvaret for å søke sjølvstendig akkreditering av masterprogrammet. I slutten av januar kom godkjenninga frå NOKUT.
Eiga kvote for studentgründerar
Første opptak til masteren skjer allereie i år, med søknadsfrist 15. april. Opptakskravet er bachelorgrad i ingeniørfag eller realfag. Nytt av året er at det blir ei eiga opptakskvote for studentgründerar.
– Den gamle masteren i innovasjon og entreprenørskap har vore populær dei siste åra. Dei som har fått plass må ha hatt B i snitt. No legg vi også til rette for at studentar med egne idéar kan få opptak på andre kriterium enn karakterar. Søkarar i denne kvota vil bli vurdert ut frå eigen motivasjon og kor moden gründeridéen er.
Dei må også ha ein bachelorgrad i ingeniørfag eller realfag i botn.
Studentgründarane vil kunne arbeide med eigen idé i fleire av emnene og i masteroppgåva.
– Satsinga på studentgründerane er godt forankra strategisk ved HVL, som skal vere ein viktig aktør for innovasjon og framtidig verdiskaping på Vestlandet, fortel Pettersen.
Tett samarbeid med regionale aktørar
Mastertilbodet var i si tid eit svar på ein etterspurnad frå industriklyngene i regionen etter ingeniørar og realfagskandidatar med innovasjons- og entrepenørskapskompetanse.
– Med dagens raske teknologiutvikling er kandidatar med ingeniør- og realistkompetanse kombinert med innsikt i innovasjon, entreprenørskap og kommersialisering minst like høgt etterspurt, seier Pettersen.
Ho legg til at det unike med masteren er det tette samarbeidet med regionale aktørar, som Bergen Teknologi Overføring, Connect Vest og industriklyngene. Studiet har også to praksisperiodar der studentane arbeider med verkelege prosjekt i næringsliv og offentleg sektor.
Tverrfagleg
Studentane som kjem inn vil ha ulik ingeniør- eller realfagskompetanse. Ei tverrfagleg faggruppe skal saman ha ansvar for dei ulike emna i studiet.
– Nytt er at vi koplar inn ei større ingeniørfaggruppe for å bidra i utdanninga slik at vi sikrar teknologikompetansen i undervisninga, seier Pettersen.
Masteren vil vektlegge tverrfagleg kompetanse og studentane vil jobbe i tverrfaglege team. Studiet vil også ha samarbeid med andre masterprogram ved HVL for å styrke det tverrfaglege.
– Målet er å utdanne kandidatar som kan bidra i utvikling av nye verksemder og i innovasjonsprosessar for etablerte bedrifter i omstilling. Med ei tverrfaglig forståing for innovasjon, og kompetanse i tverrfagleg leiing, skal dei kunne leie teknologibedrifter i ei kompleks verd med raske teknologiske skifte, avsluttar Pettersen.