Nye koronatiltak ved HVL

Dette gjeld for deg som er student eller tilsett ved HVL frå måndag 9. november.

Do you prefer to read this article in English?

Som kjent har Regjeringa vedteke nye innskjerpa smittevernstiltak. I dag vedtok Bergen kommune sine eigne tiltak for å få ned smittetala.

Regjeringa oppmodar oss alle om å halde oss mest mogeleg heime, ha minst mogeleg kontakt med andre utover det som er nødvendig i jobb og studiesituasjon, og unngå unødvendige reiser.

På bakgrunn av dette gjeld følgjande ved alle HVL sine fem campus frå og med måndag 9. november:

  • Undervisning som kan gå digitalt skal vere digital. Det gjeld ikkje ferdigheitstrening og laboratorieundervisning.
  • Eksamenar skal gå digitalt. Det gjeld ikkje praktiske prøvar og praktiske eksamenar som ikkje er mogleg å gjennomføre digitalt eller som heimeeksamen.
  • All praksis vert gjennomført som planlagt.
  • Campusane er ikkje stengt. Bibliotek, lesesalar og grupperom er tilgjengelig for dei som har behov for dette.
  • Alle tilsette som kan arbeide heimefrå skal gjere dette.