Nytt læremiddel for innvandrarungdom
Korleis forklarer du omgrep som demokrati, rettsstat og likestilling til ungdom som nyleg har kome til Noreg og ikkje kjenner norsk språk og kultur? Ein ny nettbasert læringsressurs gir svaret.
– Generelt har det vore mangel på læremiddel som er tilpassa denne målgruppa. Det skal den nye nasjonale læringsressursen i samfunnsfag bøte på. Den skal gi minoritetsspråklege elevar på ungdomstrinnet enkel tilgang til fagopplæring sjølv om dei ikkje beherskar norsk.
Det fortel Torill Sommerfelt Ervik som har vore prosjektleiar for læringsressursen Zmekk. Den finst både på somali og arabisk, nynorsk og bokmål.
Elevar som nyleg har kome til Noreg har ulik skulebakgrunn og lite norskkunnskap. For lærarane har det vore ei utfordring å skaffe fagstoff som er tilpassa elevane sitt nivå.
Læringsressursen Zmekk er delt opp i fire hovudtema: Politikk og demokrati, lov og rett, Noreg og verda og familie og samliv. Innhaldet byggjer på læreplanen i samfunnsfag for ungdomsskulen, men både språk og innhald er tilpassa målgruppa.
– Kvart hovudtema består av 3 - 5 korte animasjonsfilmar som tar for seg eitt eller fleire undertema. Under kvar video finst det oppgåver og ei kort ordliste. I tillegg er det knytt ein quiz til kvart hovudtema, forklarer Ervik.
Det er Senter for nye medier ved Høgskulen på Vestlandet som har utvikla konseptet og stått for alt frå manus, grafisk design, lydarbeid, webutvikling, illustrasjonar og animasjon.
– Vi har jobba mykje med forma på konseptet og hatt eit breitt samarbeid på tvers av disiplinar, seier Ervik.
Prosjektet har blitt utvikla i samarbeid med Bergen kommune, med støtte frå Utdanningsdirektoratet. Bergen kommune har stått for oversetting og rådgjeving i prosessen. No skal læringsressursen lanserast nasjonalt. Ressursen er open og kan nyttast av alle som ønskjer det.